Satsing på forskingsprogram på kultur- og mediefeltet

Kulturdepartementet gir Noregs forskingsråd i oppdrag å etablere eit forskingsprogram om kulturfeltet og mediefeltet med oppstart i 2019. Departementet legg opp til ei årleg løyving på om lag 16 millionar kroner over fem år.

Trine Skei Grande på talerstolen med publikum foran seg.
Kulturminister Trine Skei Grande talte på KULMEDIA-konferansen "Medie- og kulturbruk: Et nytt kulturelt klasseskille?" på Litteraturhuset i Oslo 21. mars 2018. Foto: Rein Blomquist / Kulturdepartementet

Programmet er ei vidareføring av KULMEDIA-programmet som blir gjennomført i perioden 2014-2018, og vil ha dei same hovudtema og mål som i denne perioden. Det er behov for forsking på konsekvensane av digitalisering og om endringar i dei økonomiske vilkåra og samfunnsrollane til kunst, kultur og media. Noregs forskingsråd har ansvar for den vidare utforminga og gjennomføringa av programmet.

- Kulturlivet og media står ovanfor store og samansette utfordringar. Relevant forsking av høg kvalitet er særs viktig i arbeidet med ein framtidsretta kultur- og mediepolitikk, men også for felta sjølve og for den allmenne debatten, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Forsking er langsiktig arbeid, og den vidare satsinga siktar mot å sikre tilfanget av relevant forsking med verdi for kultur- og mediefeltet. I tillegg er rekruttering og mobilisering til desse forskingsfelta eit viktig mål for satsinga.

Til toppen