Forskningsrapport om seksuell utnytting av barn over internett

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Analyse av teknologiske faktorar som påverkar produksjon og deling av materiale som seksuelt utnyttar barn over internett.

Rapporten har på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet kartlagt korleis den teknologiske utviklinga har påverka moglegheitene for seksuell utnytting av barn over internett.

Rapporten viser også at teknologi hjelper politiet i deira arbeid på området, og at dei store selskapa bidrar aktivt med å rapportera inn og sletta materiale.

Rapporten bidrar til å styrka den kunnskapsbaserte innsatsen til departementet og justissektoren på området.