Sender på høyring fleire forslag for eit betre barnevern

I dag sender regjeringa ut fleire forslag om endringar i barnevernslova på høyring. Blant endringane regjeringa føreslår er tenestepensjon for frikjøpte fosterforeldre, styrking av barns rettar i barnevernssaker og ei oppmjuking av kompetansekrava i statleg og kommunalt barnevern.

– Med desse forslaga som vi no sender ut på høyring tar vi viktige grep for å sikre eit barnevern til det beste for barn og familiar som treng hjelp. Vi føreslår store endringar, som til saman skal bidra til å møte dei viktigaste utfordringane i barnevernssektoren, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Lovforslaga er ein del av den varsla kvalitetsreforma i barnevernet, som har som formål å møte dei viktigaste utfordringane i barnevernssektoren.

Forslaga skal bidra til å:

  • styrkje barn og foreldre si rettstryggleik i barnevernssaker
  • gi auka stabilitet i fosterheimar
  • gi barn i institusjonar eit tilbod som er i samsvar med deira behov for omsorg og beskyttelse
  • bidra til at barn og familiar opplever at barnevernet er tilgjengeleg og har tilstrekkeleg med tid og bemanning

– Blant dei viktigaste endringane vi føreslår er at fosterforeldre som er frikjøpt frå vanleg jobb skal kompenserast for manglende opptening av tenestepensjon. Dette er noko mange fosterforeldre har kjempa lenge for, og eit grep som vil vere viktig både for å behalde og rekruttere nye fosterheimar. Eg er derfor glad for at dette no kan bli ein realitet, seier Toppe.

Statsråden hald fram:

– Eg føreslår òg å styrke barn sine rettar i barnevernssaker, slik at vi sikrar at barns stemmer blir høyrt. Slik kan tilboda til barn bli betre og tilpassa barna sine behov. Vidare foreslår eg òg å justere kompetansekrava i det kommunale og statlege barnevernet. Eg vil opne for at personar kan oppfylle kompetansekrava på fleire måtar der vi anerkjenner praktisk erfaring og kompetanse. Endringane skal gi større fleksibilitet til å nytte personell med ulike bakgrunn og kvalifikasjonar. Slik vil vi også få større breidde i erfaring og kompetanse i tenestene, seier Toppe.

Oppsummering av dei viktigaste forslaga:

  • Betre rettar til fosterforeldre, mellom anna ved at alle fosterforeldre som er frikjøpt frå vanleg jobb skal kompenserast for manglande opptening av tenestepensjon. Ordninga med tenestepensjon er noko som vil gjelde alle fosterforeldre, og som vil bli viktig for kvar enkelt.
    • I tillegg føreslår regjeringa andre rettar for fosterforeldre som skal bidra til å gi dei meir føreseielegheit omkring oppdraget, mellom anna at fosterforeldre skal kunne klage på eit vedtak om å flytte barnet ut av fosterheimen
    • For å leggje betre til rette for at fosterforeldre skal vareta omsorgen for barnet, føreslår regjeringa også å gi auka og tydelegare rett for fosterforeldre til å ta avgjerder på vegne av barnet
  • Oppmjuking av kompetansekrava i statleg og kommunalt barnevern. Regjeringa vil opne for at personar kan oppfylle kompetansekrava på fleire måter, og med det anerkjenne praktisk erfaring og kompetanse meir enn dagens reglar gjør. Endringane skal gi større fleksibilitet til å nytte personell med ulik bakgrunn og kvalifikasjonar. Slik vil ein òg få større breidde i erfaring og kompetanse i tenestene. 
  • Endring av fleire begrep i barnevernslova, som til dømes plassering og åtferd. Regjeringa er opptatt av å lytte til barn og unge sine ønskjer om å endre omgrep i barnevernet som opplevast stigmatiserande. Det gjeld til dømes omgrep som «rømming», «atferd» og «plassering». Derfor føreslår regjeringa no å erstatte desse tre omgrepa i barnevernslova: «åtferd», «plassering» og «rømming». Dette er viktig, fordi det handlar om korleis ein snakkar om barn som er i barnevernet, og kanskje særleg dei som bur på institusjon. For dei som jobbar i barnevernet er dette ikkje minst viktig for å skape tillit hos barn og foreldre. Barna og foreldra må kunne kjenne seg igjen i orda som blir brukt.
  • Tydeleggjering av regelverket for beskyttelse (og bruk av avgrensingar og inngrep) for barn som bur på institusjon. Barn og unge som bur på institusjon har rett til vern og beskyttelse, slik at dei ikkje utsettast for fare eller skade. Reglar om dette bør vere tydelege og føreseielege. Regjeringa føreslår tydelegere reglar for grensesetting og bruk av fysisk makt når dette er nødvendig for å hindre at barnet utsettast for fare eller skade, og å lovfeste at institusjonen kan treffe vedtak om innsyn i barnets kommunikasjon viss dei har ei grunngitt mistanke om at barnet gjennom bruk av elektronisk kommunikasjon kan utsettast for fare eller skade.
  • Regjeringa vil at barn i barnevernet skal få meir å seie i barnevernssaker. Da må barnevernet vere rusta til å gjennomføre barnet si rett til medverknad, uansett alder, og i alle faser av ei sak. Regjeringa meiner derfor det er på tide med meir omfattande grep for å styrkje barnet si medverknad og deltaking i avgjerdsprosessar, og legg no fram to alternativ som begge skal bidra til dette:
    • Det første alternativet er å senke aldersgrensa for partsrettar for barn fra 15 til 12 år. Det betyr mellom anna at barn fra 12 år vil kunne krevje å få si sak opp i nemnda, eller klage på avgjerder frå nemnda. Partsrettar inneber mellom anna at barnet kan klage på vedtak barnevernet gjer, både hjelpetiltak i og utanfor heimen, eller viss barnet blir flytta ut av heimen. Det gjeld òg i akuttsituasjonar. Det betyr også at barnet vil få eigen advokat i tvangssaker i nemnda og domstolen, og høve til å føre vitne på lik linje med andre partar i saka, og at dei kan klage på avgjerdene til nemnda til domstolen.
    • Som eit alternativ til at barn får partsrettar frå fylte 12 år føreslår regjeringa at dei i staden får oppnemnd advokat i saker for nemnda. Advokaten skal ta vare på interessene til barnet og kan delta i nemndmøte og stille spørsmål til partar og vitne. Ei sentral oppgåve vil vere å sikre at barnet får medverke, og vere ei støtte for barnet. Dette alternative forslaget vil styrkje barnets rettsstilling, men gir ikkje barnet like sterke rettar som viss barnet blir part i saka frå dei er 12 år.
    • Regjeringa føreslår òg å gi alle barn, uavhengig av alder eller partsstatus, moglegheit til å klage på vedtak som inneber at barnet må flytte, enten ut av heimen som eit frivillig hjelpetiltak eller etter ein omsorgsovertaking. Samla sett meiner regjeringa at desse forslaga inneber ein vesentleg styrking av barnets rettstryggleik, og gir barna meir å seie i barnevernssaker, samanlikna med i dag.
  • I tillegg føreslår regjeringa òg å innføre ei varslingsplikt til statsforvaltar om alvorlege hendingar og dødsfall når barn har tiltak utanfor heimen. Det vil bidra til å sikre at tilsynsmaktene blir informerte ved dødsfall og svært alvorlege hendingar, og at dette skjer på ein meir systematisk måte enn i dag. Målet er å bidra til tydelegare rammer for innsending, mottak og oppfølging av slik informasjon. Plikta til å varsle statsforvaltaren gjeld barnevernstenesta. For barn som bur på institusjon, skal også institusjonen varsle statsforvaltaren.

– Eg ser fram til å få innspel til alle desse forslaga slik at vi kan utforme ordningane slik at dei er til størst mogleg nytte for tenestane. Slik bidrar vi til eit barnevern som utviklar seg til det beste for dei barna og familiane som har behov for hjelp frå tenesta vår, seier Toppe.

Høyringsfristen er satt til 2. juli.

Les høyringa