Sentralisering av arbeidsplassar i statsforvaltninga også frå 2020 til 2021

Nye tal frå DFØ syner at talet på tilsette i statsforvaltninga auka med 6 000 (3,8 prosent) frå 164 000 i 2020 til 170 000 i 2021. I same periode var det ein nedgang i talet på tilsette i statsforvaltninga i distriktskommunar. Dette følger ei langsiktig utvikling under Solberg-regjeringa sidan 2013 der statleg tilsette i distriktskommunar har blitt betydeleg redusert.

– Etter åtte år med Høgre sin sentraliseringspolitikk, trengs det nye grep for å legge til rette for vekst og utvikling i heile Noreg. Dette viser også behovet for dei nye retningslinjene for lokalisering av statlege arbeidsplassar, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

I august endra regjeringa retningslinjene for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon.

Med dei nye retningslinjene vil vi aktivt gjere vurdering av lokalisering til mindre sentrale kommunar, seier Gjelsvik.

Tala frå DFØ viser at tilsette i departementa gjekk noko ned frå 4 500 til 4 400, medan det var ein auke i dei underliggande verksemdene til departementa frå 160 000 til 166 000. Av verksemder med størst auke i talet på tilsette var NAV med 839 fleire tilsette (+5,7 prosent), politiet med 664 fleire tilsette (+3,6 prosent) og Forsvaret med 600 fleire tilsette (+3,2 prosent). Veksten frå 2020 til 2021 var relativt lav i Oslo, og var sterkast i andre store og mellomstore byar og regionale sentra. 

- -Det er avgjerande viktig å legge til rette gode tenester og god beredskap i heile Noreg. Då må ein vri ressursbruken frå sentrale strukturar i dei største byane til meir lokale tenester, seier Gjelsvik. 

I 2021 var det 1411 arbeidsforhold som skyldast handtering av covid-pandemien (faste og midlertidige stillingar). Sett i samanheng med auken på 6233 i statsforvaltninga (ikkje-justert) utgjorde pandemien om lag 20 prosent av denne auken. Dei fire verksemdene med størst tilfang av mellombels og faste stillingar grunna Covid-19 i 2001 var NAV, OsloMet, Politiet, og Bufdir.

Utviklinga i antall tilsette i staten(DFØ)