Skal bli enklare å finne læreplass

Tenesta «finn lærebedrift» skal gjere det enklare for elevar og bedrifter å finne kvarandre. Tenesta vil gi ei oversikt over alle ledige læreplassar i heile Noreg.

Det er eit stort behov for fagarbeidarar i heile landet og mange bedrifter ønskjer lærlingar. Det har aldri vore fleire godkjende lærebedrifter, samtidig som det kvart år står rundt 6000 kvalifiserte søkjarar utan læreplass.

– Behovet for fagarbeidarar vil berre forsterke seg i åra som kjem og vi jobbar med ulike tiltak for å få fleire til å fullføra fagutdanning. Vi veit at læreplass er ein viktig faktor for å få fleire til å fullføre, men det har ikkje vore lett nok for elevar og bedrifter å finne kvarandre, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).

Regjeringa satsar på yrkesfag og styrkjer arbeidet med å sikre læreplass til alle som ønskjer å ta fag- eller sveinebrev. I forslaget til statsbudsjett for 2024 foreslår regjeringa å styrkje ordninga til totalt 485 millionar kroner.

– Me ser allereie at regjeringas prioritering av yrkesfag gir resultat. Over halvparten av alle som byrjar på vidaregåande skule vel yrkesfag. Men dessverre er det berre om lag halvparten som fullførar med fag- eller sveinebrev. Derfor handlar det ikkje lenger berre om å få folk til å søkje yrkesfag. Vi må klare å halde på dei ungdomane som er motiverte til å bli fagarbeidarar, seier Nordtun.  

Frå hausten 2024 blir det òg innført ein rett til å ta eit nytt fagbrev sjølv om ein har eitt frå før, eller ein har fullført studiekompetanse. Då kan enda fleire bestå yrkesfag, uavhengig av alder og livssituasjon.

Ny teneste for elevar på yrkesfag

Samtidig blir tenesta «Yrkesfaghandboka» lansert på utdanning.no. Her kan elevar og lærlingar få tips og informasjon om alt frå å vere arbeidstakar til jobbintervju – tilpassa yrkesfagelevar. Yrkesfaghandboka skal bidra til at elevar i yrkesfaglege utdanningsprogram har lett tilgang til informasjon som bidrar til karrierelæring og førebuing til læretida.

Fakta om tenestene

  • Finn lærebedrift er ein digital ressurs på utdanning.no utvikla i samarbeid mellom Direktorat for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) og Utdanningsdirektoratet. Her får du oversikt over godkjende lærebedrifter og ledige læreplassar i heile Noreg, med data frå mellom anna Vigo, Brønnøysundregistera og Arbeidsgivar- og arbeidstakarregisteret til NAV.
  • Yrkesfaghandboka er ei anna teneste på Utdanning.no som inneheld informasjon tilpassa yrkesfagelevar og lærlingar i bedrift. Her finn du informasjon om arbeidstakarrolla, yrkesorientering, jobbintervjutrening og meir – tilpassa yrkesfagelevar.