Historisk arkiv

Spesialistgodkjenning for sjukepleiarar på høyring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet har sendt på høyring forslag til forskrift om spesialistgodkjenning for sjukepleiarar. Grunnlaget for tildeling av godkjenninga vil vere graden master i avansert klinisk allmennsykepleie.

Masterutdanning i avansert klinisk allmennsykepleie med tilhøyrande offentleg spesialist-godkjenning er eit av departementet sine tiltak for å møte utfordringane dei kommunale helse- og omsorgstenestene står overfor i åra som kjem. 

- Med innføringa av ei offentleg spesialistgodkjenning for sjukepleiarar ynskjer vi å gje eit tydeleg signal om at sjukepleiarar med denne kompetansen er ein viktig ressurs i dei kommunale helse- og omsorgstenestene, seier statssekretær Anne Grethe Erlandsen. - Sjukepleiarar med ei breddebasert masterutdanning i avansert klinisk allmennsjukepleie vil bli viktig for å møte brukarane sine behov framover.

Pasientar, brukarar og arbeidsgjevarar skal vere trygge på at dei aktuelle sjukepleiarane har den kompetansen som er nødvendig for å inneha tittelen.

Dette er første gruppe sjukepleiarar som vil få offentleg spesialistgodkjenning.

Høyringsfrist er 1. oktober 2019.

Les høyringsnotatet.