Spordrift AS blir tilbakeført til Bane NOR SF

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– I Hurdalsplattformen har regjeringa ein tydeleg ambisjon om å få på plass ein meir samla og heilskapeleg jernbanesektor. Konkurranseutsettinga av drift og vedlikehold blei stansa allereide hausten 2021. Når vi no tilbakefører Spordrift til Bane NOR, er det eit naturleg neste steg som støttar opp under vår jernbanepolitikk, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Under Solberg-regjeringa blei Spordrift AS i 2019 skilt ut som eit dotterselskap eigd av Bane NOR SF. For å leggje til rette for rettferdig konkurranse om drifts- og vedlikehaldstenester i regi av Bane NOR, blei eigarskapen til Spordrift overført til Samferdselsdepartementet i 2021.

– Drift og vedlikehald av jernbaneinfrastrukturen er kritisk kjernekompetanse, som Bane NOR bør ha direkte kontroll over. Vi kan då ikkje splitte opp infrastrukturen ved å konkurranseutsetje desse tenestene i fleire små geografiske vedlikehaldspakker. Det medfører risiko for at eigen kompetanse forvitrar og at internasjonale aktørar tek over, seier samferdselsministeren.

Store fordelar med Spordrift som ein divisjon i Bane NOR Samferdselsdepartementet vil om kort tid kalle inn til til ekstraordinært foretaksmøte i Bane NOR, På møtet skal det gjerast vedtak om at Spordrift tas inn i Bane NOR som ein divisjon.

– Ved å integrere Spordrift som ein divisjon i Bane NOR, får vi ein meir heilskapeleg kontroll over tilstanden på jernbaneinfrastrukturen. Dette kan bidra til raskare utvikling av eit moderne vedlikehaldssystem. Målet er sjølvsagt færre forseinkingar og innstillingar i togtrafikken, samstundes som vi bruker pengane til vedlikehald på ein god måte. Eg ser difor store fordelar ved å tilbakeføre Spordrift til Bane NOR, seier Nygård.

1300 medarbeidarar
Om lag 1300 medarbeidarar i Spordrift blir overførte til Bane NOR.  

– Eg vil takke Spordrift og dei tilsette for jobben dei har gjort. Eg ser fram til at dei om lag 1300 medarbeidarane i Spordrift vil halde fram med sin viktige innsats for jernbanen som ein del av Bane NOR, seier samferdselsministeren.