Stabile i internasjonale prisar på jordbruksvarer

Dei internasjonale prisane på jordbruksvarer var relativt stabile i desember. Låg handel i julehøgtida gjorde at kornprisane gjekk svakt ned. Prisane på kjøt utvikla seg ulikt, med svak prisnedgang på svinekjøt i EU, medan auka etterspurnad drog opp prisane på ung okse.

Det var god balanse på verdsmarknaden for svine- og fjørfekjøt i desember, og prisane endra seg lite. For storfekjøt syner FAO (FN sin organisasjon for mat og landbruk) sin prisindeks at verdsmarknadsprisane gjekk litt ned i desember. Auka tilførslar både til verdsmarknaden og innanlands i fleire store marknadar bidrog til å trekkje ned prisane. I EU auka prisane på ung okse, i takt med auka etterspurnad opp mot julehøgtida.

Svinekjøt.
Svinekjøt. Det var god balanse på verdsmarknaden for svine- og fjørfekjøt i desember, og prisane endra seg lite. Foto: Colourbox

Roleg kornmarknad

Kornmarknaden er roleg på denne tida av året, og handelen gjekk ned i desember som følgje av juleferie. Dei internasjonale prisane på kveite gjekk svakt ned i desember, men auka i byrjinga av januar.

Til toppen