Statsbudsjettet 2024

Startskot for satsing på helsenæringa

Helsenæringa har ei viktig rolle i det grøne skiftet og velferdssamfunnet. Som ei direkte oppfølging av det nyleg framlagde vegkartet for helsenæringa foreslår regjeringa i statsbudsjettet for 2024 ei løyving på over 150 millionar kroner til fleire tiltak retta mot helsenæringa.

– Skal vi nå dei helsepolitiske måla vi har sett oss, må vi sjølvsagt også ha helsenæringa med på laget. Næringslivet kan med si kompetanse bidra til betre og meir innovativ behandling og teknologi i helsetenesten. Dette vil vere til det beste for den enkelte pasient, for bruken av helsepersonellet si tid og ikkje minst også til det beste for beredskapen, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Regjeringa la i august fram eit vegkart for helsenæringa med 41 tiltak. Formålet med vegkartet er å vise den store breidda av kva som blir gjort av styresmaktene og som er av verdi for utvikling av norsk helsenæring. Vegkartet bygger på ambisjonane i næringspolitikken og helse- og omsorgspolitikken frå Hurdalsplattforma. No følger regjeringa opp dette i statsbudsjettet.

– Vi treng fleire bein å stå på for omstilling av norsk økonomi. Det ligg eit stort potensial for nærings- og industriutvikling i helse- og livsvitskap, og norsk helsenæring har ei viktig rolle for å nå helsepolitiske mål knytt til førebygging, behandling og omsorg, seier næringsminister Jan Christian Vestre.

150 millionar kroner

I statsbudsjettet for 2024 blir det foreslått ei samla løyving på 150 millionar kroner til etablering av ei helseteknologiordning fra same år, som skal støtte innføring av ny teknologi i helse- og omsorgstenesten og vidareføre satsinga på velferdsteknologiområdet.

Den skal gradvis bli bygd ut, og ein skal sjå hen til staten sine ordinære verkemiddel for innovasjon og næringsutvikling. Regjeringa vil også legge til rette for legemiddelproduksjon gjennom ei brei nasjonal satsing, kobla mot Norden, som legg til rette for samarbeid mellom aktørar og kunnskapsmiljø.

I tillegg foreslår regjeringa to millionar kroner i statsbudsjettet for 2024 til Selskapet for industrivekst (siva.no) for å kartlegge korleis helsenæringa kan dra nytte av katapultordninga, som er ei ordning som gir bedrifter høve til å teste nye løysingar for å gi raskare industriell vekst og utvikling i Noreg.

Eigen arena for strategisk dialog

Ulike departementar og etatar deler på ansvaret for rammevilkåra knytt til helsenæringa og norsk helse- og omsorgssektor.

I oppfølginga av vegkartet blir godt samarbeid med næringslivet og helse- og omsorgssektoren viktig. Det kjem også ein arena for strategisk dialog mellom styresmaktene og helsenæringa.

Tolv utvalde tiltak frå vegkartet:

  1. Vidareutvikle katapultordninga i dagens verkemiddelapparat. Katapultordninga gir bedrifter høve til å teste nye løysingar for å gi raskare industriell vekst og utvikling i Noreg.
  2. Sikre at forskingsmiljø både i privat og offentleg sektor skal få rask og relevant rettleiing av høg kvalitet når dei skal gjennomføre kliniske studiar i Noreg.
  3. Lage ei konkret innretning til revidert klyngeprogram.
  4. Etablere ei helseteknologiordning som støttar innføring av ny velferdsteknologi i helse- og omsorgstenesta.
  5. Legge til rette for næringslivet si tilgang til offentlege helsedata.
  6. Siva får i samarbeid med Forskingsrådet og Innovasjon Noreg oppdraget med å greie ut korleis helsenæringa i større grad kan få nytte av katapultordninga. Dei skal mellom anna vurdere om det skal etablerast eit eige senter for næringa eller om det skal gjerast tilpassingar eller utvidingar i resten av sentera.
  7. Innrette FORNY-programmet slik at FoU-institusjonane sjølve tek eit ansvar for kommersialisering i tidleg fase.
  8. Bidra til å mobilisere norske søkarar frå helsenæringa inn mot EU sine program og ordningar.
  9. Vurdere tiltak for å styrke kompetansen om immaterielle rettar i helsenæringa.
  10. Føre ein aktiv næringspolitikk som bidreg til gode samla rammevilkår som legg til rette for private investeringar og vidare vekst.
  11. Sørge for auka medvit om innkjøpsansvar i offentleg sektor.
  12. Saman med relevant næringsliv utvikle og sette i gang ei eiga eksportfremjesatsing innan helsenæringa som del av Heile Noreg eksporterer.