Historisk arkiv

Statsministeren besøkjer Paris

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Stad:

Statsministeren skal mellom anna møte Frankrikes president François Hollande.

Ho skal mellom anna møte Frankrikes president François Hollande i Elyséepalasset. Europeisk økonomi, reformer, kunnskap og konkurransekraft vil vere viktige tema i møtet. Dei to vil òg drøfte aktuelle EU- og EØS-saker, energi- og klimaspørsmål og andre internasjonale og regionale saker. Statsministeren skal òg møte OECDs generalsekretær Angel Gurría.

Presse som ønskjer å dekke besøket må melde frå til smkinfo@smk.dep.no innan utgangen av tysdag 28. januar.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Camilla Ryste, telefon 482 13 216.