Historisk arkiv

Statsministeren besøkjer Trøndelag og Innlandet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Stad: Trøndelag og Innlandet

Statsminister Erna Solberg besøkjer Trøndelag og Innlandet.

Tysdag 1. september ser programmet slik ut:

Kl. 14.20: Statsministeren er i Trondheim, der ho får ei orientering om Vy og ATB sitt prøveprosjekt med sjølvkøyrande buss. Statsministeren får også vere med på tur med den sjølvkøyrande bussen. Oppmøte for presse kl. 14 ved hovudinngangen til Trondheim Spektrum. Adresse: Klostergata 90.

Kl. 17.20: Statsministeren er på Oppdal, der ho besøkjer bedrifta Elotec AS. Bedrifta produserer alarm- og overvakingsutstyr. Stad: Søndre Industrivegen 3, Oppdal.

Kl. 19.30: Statsministeren besøkjer DNT-hytta Snøheim på Dovre, der ho skal ha eit møte med DNT og reiselivsaktørar i Trøndelag og Nord-Gudbrandsdal. På møtet vil statsministeren få ei orientering om årets reiselivssesong og korleis den har blitt påverka av koronasituasjonen. Desse deltek på møtet: Trøndelag Reiseliv, Rørosmuseet, Britannia Hotel, Stokkøya Sjøsenter og Strandhotell, Oppdal Safari, Nasjonalparkriket, Funkibator, Gjendeguiden/Besseggenpatruljen, Billingen Seterpensjonat, Smuksjøseter fjellstue og DNT.

Presse som ønskjer å delta på møtet på Snøheim må gi beskjed om dette på e-post til arvid.samland@smk.dep.no innan måndag 31. august kl. 12. Dei som vil delta på møtet må også overnatte på Snøheim.

Onsdag 2. september ser programmet slik ut:

Kl. 09.40: Statsministeren møter Norsk Villreinsenter og får ein guida tur opp til Viewpoint Snøhetta. Presse som ønskjer å delta på turen kan møte opp på parkeringsplassen ved Viewpoint seinast kl. 09.20.

Kl. 12.00: Statsministeren besøkjer Lesja Bulldozerlag, der ho får ei orientering om drifta. Stad: Åsenveien, Lesja.

Kl. 17.00: Statsministeren deltek på opninga av Læringsfabrikken på Raufoss. Læringsfabrikken er eit samarbeid mellom vidaregåande skule, Fagskolen i Innlandet og industrimiljøet på Raufoss. Målet er å skape eit utdanningsløp som er tilpassa industriens behov.

Arrangementet går føre seg i bygning 5 i Raufoss Industripark. Presse som ønskjer å delta på arrangementet må melde seg på til tove@krudtverket.no innan onsdag 2. september kl. 12.

Pressekontaktar på besøket til Trøndelag og Innlandet er statssekretær Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.