Historisk arkiv

Statsministeren, klima- og miljøministeren og landbruks- og matministeren møter Utmarkskommunenes Sammenslutning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Stad: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg, klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn og landbruks- og matminister Olaug Bollestad møter Utmarkskommunenes Sammenslutning til dialogmøte om rovdyrpolitikken.

Møtet går føre seg på Statsministerens kontor, i Glacisgata 1. Det vil vere mogleg for ein liten pool av fotografar å jobbe ved starten av møtet. Deltakarar i poolen er NTB Scanpix og NRK eller TV2. Oppmøte for fotografar seinast kl. 12.15.

Etter møtet, om lag kl. 14.00, vil møtedeltakarane gi korte kommentarar til pressa og svare på spørsmål.

Departementa og SMK har innført eigne tiltak for å hindre smittespreiing. Me har difor eit avgrensa tal på plassar til pressa, og ber om påmelding til smkinfo@smk.dep.no innan onsdag 7. oktober kl. 16.00.

Me kan ikkje garantere at alle får plass. Me føreset at dei frammøtte følgjer helsestyresmaktenes råd for smittevern. Sjå Folkehelseinstituttets nettsider for meir informasjon.

For akkreditert presse er oppmøte seinast kl. 13.45. Ta med gyldig pressekort og ID.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.

Pressekontakt for klima- og miljøministeren er kommunikasjonssjef Jo Randen, telefon 91 16 94 63, e-post jo.randen@kld.dep.no.

Pressekontakt for landbruks- og matministeren er kommunikasjonssjef Ottar Løvik, telefon 48 14 04 77, e-post ottar.lovik@lmd.dep.no.