Statsministerens program veke 22

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Tysdag 30. mai
Kl. 09.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på Pensjonistforbundets landsmøte. Stad: Thon Hotel Arena, Lillestrøm.

Kl. 10.25: Statsministeren besøkjer Åråsveien bo- og omsorgssenter på Kjeller. Tema for besøket er heiltidskultur, og Åråsveien bo- og omsorgssenter har lukkast med dette arbeidet. Adresse: Åråsveien 16B, 2007 Kjeller.

Kl. 12.00: Statsministeren møter tilsette ved Oslo lufthamn. Dei tilsette ved Oslo lufthamn legg ei tung tid bak seg med pandemi og nedstigningar, og flyplassen er no i full drift att. Statsministeren deltek på eit ope møte for tilsette i kantina. Adresse: Edvard Munchs veg, 2061 Gardermoen.

Av sikkerheitsmessige årsaker må presse som ønskjer å dekke besøket på Oslo lufthamn, ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Helene Megaard, telefon 98 83 62 99, e-post hem@smk.dep.no, for akkreditering.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Helene Megaard, telefon 98 83 62 99, e-post hem@smk.dep.no.

Kl. 17.00: Statsministeren møter Natos generalsekretær Jens Stoltenberg på Statsministerens kontor. Utanriksminister Anniken Huitfeldt og forsvarsminister Bjørn Arild Gram vil også vere til stades.

Etter møtet, om lag kl. 17.45, blir det pressekonferanse med statsministeren og generalsekretæren i foajeen på Statsministerens kontor. Pressekonferansen vert halde på engelsk av omsyn til internasjonal presse.

Journalistar som ønsker å dekkje pressekonferansen må vere akkreditert på førehand via Nato. Fristen er gått ut. Sjå fleire detaljar på nettsida til Nato. I tillegg ber me om påmelding til rvi@smk.dep.no innan tysdag 30. mai kl. 12.00.

For akkreditert og påmeld presse er det oppmøte i Glacisgata 1 seinast kl. 17.15. Ta med Nato-akkreditering, gyldig pressekort og ID.

Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Onsdag 31. mai
Kl. 17.45: Statsminister Jonas Gahr Støre taler på ein minnemarkering for terroråtaka 22. juli 2011 i regjeringskvartalet, i samband med Natos utanriksministermøte i Oslo. Natos generalsekretær Jens Stoltenberg vil delta på minnemarkeringa saman med Nato-landas utanriksministrar, AUF-leiar Astrid Hoem og leiaren for Nasjonal støttegruppe etter 22. juli, Lisbeth Røyneland.

Det er avgrensa plass til presse framom Høyblokka. Det er avtalt foto- og videopool i Nato-regi. Sjå fleire detaljar på nettsida til Nato.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.

Kl. 19.00: Statsministeren møter USAs utanriksminister Antony Blinken til samtale.

Journalistar som ønsker å dekkje møtet må vere akkreditert på førehand via Nato. Fristen er gått ut. I tillegg ber me om påmelding til rvi@smk.dep.no innan onsdag 31. mai kl. 12.00.

For akkreditert og påmeld presse er det oppmøte seinast kl. 18.30. Ta med Nato-akkreditering, gyldig pressekort og ID. Ved stor pågang kan det bli aktuelt med pool.

Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Helene Megaard, telefon 98 83 62 99, e-post hem@smk.dep.no.

Torsdag 1. juni
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på toppmøte i Det europeiske politiske fellesskapet (EPC) i Bulboaca i Moldova. EPC er eit forum for politisk dialog i Europa med 47 land, både i og utanfor EU. Tema for møtet er krigen i Ukraina, og verknaden krigen har for nabolanda og resten av Europa. Fristen for akkreditering er gått ut.

Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Fredag 2. juni
Kl. 12.00: Koronautvalets leiar Øystein Olsen overleverer utvalet sin rapport til statsminister Jonas Gahr Støre på ein pressekonferanse i Marmorhallen. Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol og justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl vil også vere til stades.

Sjå eiga pressemelding frå Koronautvalget for fleire detaljar på fleire språk.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Pressekontakt for Koronautvalet er sekretariatsleder Joakim Bakke, telefon 90 65 62 76, e-post joakim.bakke@jd.dep.no.