Statsministerens program veke 23

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg møter måndag sin svenske kollega Stefan Löfven. Seinare i veka har ho mellom anna møte med NATOs generalsekretær, Jens Stoltenberg.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 1. juni
Statsminister Erna Solberg er i Stockholm for å møte Sveriges statsminister og halde innlegg på EAT Stockholm Food Forum.

Kl. 09.45: Statsminister Erna Solberg kjem til Clarion Sign Hotel for å halde innlegg på EAT Stockholm Food Forum. For akkreditert presse vil det vere ein foto-op når statsministeren kjem til hotellet. Statsministeren er tilgjengeleg for intervju om lag kl. 11.00.

Kl. 12.45: Statsminister Solberg møter sin svenske kollega Stefan Löfven til ein arbeidslunsj på Sagerska huset. Det vert ein foto-op når statsministeren vert teken i mot av  Löfven og ein felles pressekonferanse etter møtet, om lag kl. 13.40. Adresse: Strömgatan 18 i Stockholm.

Pressekontakt er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543.

Kl. 19.30: Statsministeren deltek på mottakinga til European People’s Party (EPP) i Oslo Rådhus.

Pressekontakt er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543.

Tysdag 2. juni
Kl. 09.30: Statsministeren taler på Nor-Shipping Opening Conference på Lillestrøm. Stad: Thon Hotel Arena.

Pressekontakt er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543.

Tysdag 2. juni og onsdag 3. juni
Statsministeren besøkjer Sametinget.

Tysdag 2. juni
Kl. 18.20: Mottaking med påfølgjande middag. Pressa kan delta. Adresse: Scandic Karasjok Hotel, Leavnnjageaidnu 49, Karasjok. Middagen finn stad på Engholm Husky Lodge. Foto-op ved starten av middagen.

Onsdag 3. juni
Kl. 09.00: Statsministeren deltek i plenumssesjonen. Ho deltek òg under markeringa av at det er 10 år sidan konsultasjonsavtala mellom regjeringa og Sametinget blei signert. Det vil òg bli elvebåttur. Pressa er velkomne til å delta.

Sjå program på Sametingets nettsider.

Kl. 11.00: Statsministeren besøkjer familieverksemda Graveniid, som produserer ull- og alpakkaklede inspirert av samisk tradisjon og kultur. Verksemda blei starta av Marit Guttorm Graven i 1985, som ville lage varme og funksjonelle klede til reindriftsutøvarar. 30 år seinare er drifta utvida med mellom anna nettbutikk og utsal i Alta. Son og døtrer er alle involvert i drifta. Adresse: Jorbajeakkás 24, Karasjok.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Cathrine Slaaen, telefon 976 77 247.

Torsdag 4. juni
Kl. 09.00: Statsministeren opnar Countering Violent Extremism-konferansen til Utanriksdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar. Stad: Quality hotell Expo Fornebu.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419.

Kl. 18.15: Statsministeren møter Bosnias statsminister Denis Zvizdić på Statsministerens kontor. Det er mogleg å fotografera ved starten av møtet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Kl. 19.00: Statsminister Erna Solberg og Bosnias statsminister Denis Zvizdić taler på 20-årsmarkeringa etter Srebrenica. Stad: Gamle Logen.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Fredag 5. juni
Kl. 12.00: Statsministeren møter NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg, som er på offisielt besøk i Noreg. Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Meir informasjon kjem i eiga pressemelding.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Laurdag 6. juni
Kl. 15.15: Statsministeren taler og deltek i paraden på Regnbuedagene i Bergen. Stad: Torgalmenningen.

Pressekontakt er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543.

Søndag 7. juni
Kl. 16.00: Statsministeren deltek under Oslo kommunes markering av 70-årsdagen for Kong Haakon VII sin heimkomst etter andre verdskrig. Markeringen finner sted mellom Rådhuset og Wilhelmsen-bygget.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.