Statsministerens program veke 23

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Tysdag 7. juni
Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Gulen og Hyllestad kommunar i Vestland fylke tysdag 7. juni. LO-leiar Peggy Hessen Følsvik og NHO-leiar Ole Erik Almlid er også med på besøket. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Pressekontaktar er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no

Fredag 10. juni
Kl. 14.00: Statsministeren og olje- og energiministeren inviterer til toppmøte om havvind i samband med regjeringas arbeid med grønt industriløft. Fleire statsrådar deltek også på møtet, i lag med representantar for partane i arbeidslivet, kraftsektoren, industrien, miljøorganisasjonar, kunnskapssektoren  og andre aktørar.

Det er høve til å fotografere når møtet startar. Oppmøte seinast kl. 13.30 på Statsministerens kontor i Glacisgata 1. Ta med gyldig pressekort og ID. Påmelding til smkinfo@smk.dep.no.

Kl. 16.00: Statsministeren og olje- og energiministeren er tilgjengelege for pressa etter toppmøtet om havvind. Oppmøte i Glacisgata 1 seinast kl. 15.30. Påmelding til smkinfo@smk.dep.no.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91191313, e-post the@smk.dep.no.

Laurdag 11. juni
Kl. 12.00: Statsministeren deltek på opningsseremonien til det nye Nasjonalmuseet. Adresse: Brynjulf Bulls plass 3.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Måndag 27. juni og tysdag 28. juni
Statsministeren deltek på FNs havkonferanse i Lisboa.

Presse som skal akkreditere seg til konferansen på førehand må gjere det via https://www.un.org/en/media/accreditation/ innan 12. juni 2022.

Les meir om akkreditering her.