Statsministerens program veke 32

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 8. august
Kl. 10.00: Statsminister Jonas Gahr Støre leier eit møte mellom regjeringa, NHO og LO. Tema for møtet er kraftsituasjonen. Finansministeren, næringsministeren og olje- og energiministeren deltek også på møtet.

Møtet går føre seg på Statsministerens kontor, i Glacisgata 1. Etter møtet, om lag kl. 11.00 vil møtedeltakarane vere kort tilgjengeleg for presse.

Me ber om påmelding til rvi@smk.dep.no innan måndag 8. august kl. 09.00. For påmeldt presse er det oppmøte i Glacisgata 1 seinast kl. 10.30. Ta med gyldig pressekort og ID.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no

Kl. 12.30: Statsministeren deltek på regjeringas første årlege møte i Forum om muslimfiendtlegheit. Forumet legg til rette for jamleg dialog mellom regjeringa og representantar for den muslimske befolkninga og organisasjonar som er engasjert i arbeidet mot diskriminering av og hat mot muslimar. Tema for møtet er sikkerheit for muslimar og muslimske trossamfunn – bekymringar, utfordringar og forslag til handtering. Møtet er lukka.

Arbeids- og inkluderingsministeren, barne- og familieministeren, justis- og beredskapsministeren og kultur- og likestillingsministeren deltek også på møtet.

Kontakt Justis- og beredskapsdepartementet for meir informasjon om møtet.

Tysdag 9. august
Kl. 11.45: Statsministeren besøkjer Ungdomstorget i Drammen. Tema er ungdom og psykisk helse og regjeringas opptrappingsplan for psykisk helse. Adresse: Torgeir Vraasplass 13, Drammen.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon 91 91 98 93, e-post ksg@smk.dep.no.