Statsministerens program veke 34
Pressemelding | Nr: 113/22 | Dato: 19.08.2022 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Måndag 22. august
Kl. 17.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på sentralstyremøte i Arbeiderpartiet.
Pressekontakt er statssekretær Tale Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no.
Onsdag 24. august
Kl. 11.30: Statsministeren deltek på opninga av ny redningshelikopterbase i Tromsø, som er eit vesentleg bidrag til styrkinga av beredskapen i nord. Om forholda tillet det vil statsministeren også vere med på ein tur i redningshelikopter. Grunna avgrensa plassar vil det settast opp ein fotopool her. Stad: Tromsø lufthavn, Hovedporten.
Presse som ønskjer å delta må akkreditere seg til rvi@smk.dep.no innan tysdag 23. august klokka 09.30.
Kl. 16.45: Statsministeren besøkjer UiT Norges arktiske universitet i samband med studiestart og skal mellom anna skal møte nye studentar. Stad: Muninbakken 21, Tromsø.
Pressekontaktar er statssekretær Siri Storstein Hytten, telefon 48 11 45 14, e-post ssh@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.
Fredag 26. august
Kl. 18.00: Statsministeren deltek på forspelet til den årlege Fafo-festen. Temaet for samtalen er samfunnsutviklinga dei siste 40 åra. Adresse: Borggate 2B i Oslo.
Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon 91 91 98 93, e-post ksg@smk.dep.no.
Veke 35
Måndag 29. august
Statsministeren er i Stavanger og deltek på Offshore Northern Seas (ONS) i Stavanger Forum. I samband med ONS har han også eit møte med Belgias statsminister Alexander De Croo. Seinare på kvelden skal han opne Skeivå Rogaland Pride.
Her er nokre element frå programmet, detaljar kjem seinare.
Kl. 10.20 | Møte med ONS Young. |
Kl. 11.00 | Opning av ONS. Statsministeren held innlegg. |
Kl. 14.45 | Omvising på utstillingsområdet. |
Kl. 15.45 | Bilateralt møte med Belgias statsminister Alexander De Croo. Deretter har Støre og De Croo eit møte med norske og belgiske industri- og energiaktørar. |
Kl. 16.55 | Støre og De Croo er tilgjengelege for pressa. |
Kl. 18.45 | Statsministeren opnar Skeivå Rogaland Pride. Stad: Tou Scene. |
Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91191313, e-post the@smk.dep.no.