Statsministerens program veke 43

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 24. oktober
Kl. 15.30: Statsminister Jonas Gahr Støre taler og deltek i ein paneldebatt om klima og berekraft på Earth4All-arrangementet til BI Nydalen i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Helene Megaard, telefon 98 83 62 99, e-post hem@smk.dep.no.

Tysdag 25. oktober
Kl. 10.00: Statsminister Jonas Gahr Støre gjer greie for regjeringa si handtering av krigen i Ukraina og den sikkerheitspolitiske situasjonen. Stad: Stortinget.

Pressekontakt er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no.

Kl. 13.15: Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Kuben vidaregåande skule i Oslo for å svare på spørsmål frå elevar om krigen i Ukraina. Intervju i etterkant er først og fremst sett av til redaksjonar som primært rettar seg mot barn og unge. Spørjetimen vert sendt direkte på regjeringa.no

Stad: Kabelgata 22-24, BiKuben.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.

Onsdag 26. oktober
Kl. 13.00: Statsministeren talar på YS-kongressen på Quality Hotel Hasle Linie. Adresse: Bøkkerveien 15, Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91191313, e-post the@smk.dep.no.

Torsdag 27. oktober
Statsministeren og fleire statsrådar deltek på H. M. Kongens middag for stortingsrepresentantane, på Slottet.

Veke 44

Måndag 31. oktober-tysdag 1. november
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på Nordisk råds sesjon i Helsingfors.

Noreg har formannskapet i Nordisk ministerråd i år. I tillegg til statsministeren vil også utanriksministeren, utviklingsministeren, som også er nordisk samarbeidsminister, klima- og miljøministeren, forsvarsministeren, samferdselsministeren, helse- og omsorgsministeren, kultur- og likestillingsministeren, samt næringsministeren vere til stades under Nordisk råds sesjon i Helsingfors, som varer frå 31. oktober til 3. november.

Journalistar som vil følgje dette kan akkreditere seg her. Merk at fristen er 28. oktober kl. 14.00.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.