Historisk arkiv

Statsministerens program veke 44

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg deltek denne veka mellom anna på Nordisk råd og Northern Future Forum på Island.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 27. oktober – torsdag 29. oktober
Statsminister Erna Solberg besøkjer Reykjavik 27.-29. oktober i samband med Nordisk råd og Northern Future Forum. Sjå eiga pressemelding for detaljar.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Fredag 30. oktober
Kl. 16.00: Statsministeren møter lederen for International Organization for Migration (IOM), William L. Swing, på Statsministerens kontor. Tema for møtet er flyktningsituasjonen rundt Middelhavet og i Europa.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Onsdag 11. og torsdag 12. november
Statsminister Erna Solberg deltek på det internasjonale toppmøtet om migrasjon på Malta. På møtet skal stats- og regjeringssjefar frå europeiske og afrikanske land diskutera korleis dei langsiktige utfordringane med migrasjon kan løysast.

Akkrediteringsfrist for presse er 4. november. Bruk denne nettsida for akkreditering. Generell informasjon om møtet finn du her.

Pressefolk som reiser til Malta må sjølv bestille overnatting. Det er lurt å gjere dette så snart som mogleg.

Ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, for meir detaljert informasjon.