Statsministerens program veke 44

Dette innhaldet er meir enn 3 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 1. og tysdag 2. november
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på FNs klimakonferanse COP26 i Glasgow i Skottland.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Onsdag 3. november
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på Nordisk råds 73. sesjon og nordisk statsministermøte. Han møter mellom anna dei nordiske statsministerkollegaene sine til diskusjonar om mellom anna forsyningstryggleik og beredskap, og legg fram prioriteringar for Noregs formannskap i Nordisk ministerråd i 2022.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.

Torsdag 4. og fredag 5. november
Tysklands forbundspresident Frank-Walter Steinmeier besøkjer Noreg.

Torsdag 4. november kl. 17.30: Statsminister Jonas Gahr Støre møter forbundspresident Frank-Walter Steinmeier på Statsministerens kontor. Ein fotopool som består av TV2, NRK og NTB har høve til å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte seinast kl. 17.00. Ta med pressekort og gyldig id. Stad: Glacisgata 1.

Steinmeier og Støre vil vere tilgjengelege for presse etter møtet, om lag kl. 18.15. Oppmøte for presse i Glacisgata 1 seinast kl. 17.50.

Fredag 5. november kl. 09.00: Forbundspresident Steinmeier og statsminister Støre besøkjer Utøya.

Presse som ønsker å dekkje dette, møter ved Utstranda, kl. 0730 for å ta båten over til Utøya. Transport tilbake frå Utøya, ca. kl. 09.20.

Fredag 5. november kl. 14.00: Forbundspresident Frank-Walter Steinmeier og statsminister Jonas Gahr Støre deltek i ein panelsamtale om demokrati, behovet for å engasjere ungdom i politikken og trusselen frå ekstremisme og hatefulle ytringar i Universitetets aula, Karl Johans gate 47.

Presse som ønskjer å delta på eit eller fleire av desse arrangementa må akkreditere seg til rvi@smk.dep.no innan onsdag 3. november kl. 12. Spesifiser kva du ønsker å delta på.

Pressekontaktar er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.