Statsministerens program veke 45

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Søndag 7. november
Statsminister Jonas Gahr Støre er til stades på partikongressen til Socialdemokraterna i Gøteborg. Statsministeren taler til kongressen om lag kl. 11.45.

Pressekontakt er statssekretær Astrid Huitfeldt, telefon 97 58 32 77, e-post ahu@smk.dep.no.

Måndag 8. november
Kl. 12.00: Statsminister Jonas Gahr Støre er i Stortinget, i samband med at finansminister Trygve Slagsvold Vedum legg fram forslag til endringar i statsbudsjettet for 2022.

Pressekontaktar er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.

Kl. 15.00: Statsministeren deltek på sentralstyremøte i Arbeiderpartiet. Stad: Partikontoret på Youngstorget.

Pressekontakt er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no.

Tysdag 9. november
Kl. 10.00: Statsministeren leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval med partane i arbeidslivet. Tema for møtet er statsbudsjettet for 2022.

Møtet går føre seg på Statsministerens kontor, i Glacisgata 1. Det vil vere mogleg for fotografar å arbeide ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar seinast kl. 09.30.

Etter møtet, om lag kl. 11.30, vil møtedeltakarane vere tilgjengeleg for presse. Me ber om påmelding til rvi@smk.dep.no innan måndag 8. november kl. 12. For akkreditert presse er oppmøte seinast kl. 11.00. Ta med gyldig pressekort og ID.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Kl. 17.30: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på markeringa av Krystallnatta i Oslo. Han går i fakkeltog frå Youngstorget til Eidsvolls plass der han skal tale.

Pressekontakt er politisk rådgivar Kjetil Vevle, telefon 48 40 85 98, e-post kve@smk.dep.no.

Kl. 20.00: Statsministeren deltek i gallamiddag på Slottet, i samband med statsbesøket frå Nederland.

Onsdag 10. november
Kl. 12.20: Statsminister Jonas Gahr Støre møter Nederlands kongepar H.M Kong Willem-Alexander og H.M Dronning Maxima i Forsvarssjefens bustad Akershus festning.

Kl. 13.00: Statsministeren er vert for ein regjeringslunsj på Akershus slott i samband med statsbesøket frå Nederland.

Sjå eiga pressemelding for meir informasjon om besøket.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Marte Lerberg Kopstad, telefon 99 52 20 26, e-post mlk@smk.dep.no.

Fredag 12. november
Kl. 13.50: Statsministeren besøkjer NAV Lillestrøm. Tema for besøket er korleis NAV Lillestrøm følgjer opp ungdom med oppsøkjande verksemd og samarbeid med skular. Adresse: Dampsagveien 2 B.

Kl. 15.00: Statsministeren deltek på opninga av Spillexpo på Lillestrøm. Adresse: Norges Varemesse, Messeveien 8.

Pressekontaktar er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91191313, e-post the@smk.dep.no.

--

Oppdatering 10. november 2021 kl. 10.10:
Besøket til Pictura Gruppen Norge AS i Rælingen 12. november kl. 12.50 er utsatt.