Presseinvitasjon:

Statsråden får overlevert rapport om bustøtta

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik tek imot ein rapport om bustøtteordninga måndag 9. mai i Akersgata 59. Pressa er velkommen til å delta og arrangementet blir strøyma.

Nett-tv Statsråden får overlevert rapport om bostøtte

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Ekspertgruppa har evaluert dagens bustøtteordning og korleis ho fungerer saman med andre statlege og kommunale velferdsordningar. Gruppa kjem òg med forslag til moglege innretningar til den framtidige bustøtteordninga.

Rapporten blir lagt fram av ekspertgruppa sin leiar, Nils-Henrik von der Fehr.

Program måndag 9. mai

Stad: Auditoriet i Akersgata 59 (R5)

11.00-11.20: Gruppeleiar orienterer om rapporten

11.20-11.30: Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik får rapporten og takkar for arbeidet

11.30-11.45: Ope for spørsmål frå pressa

Påmelding til ke@kdd.dep.no Oppmøte for presse kl. 10.45. Ta med gyldig pressekort og ID.

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00