Presseinvitasjon:

Statsråd Gjelsvik mottar NOU om embetsmannsordninga

Embetsmannsutvalet overleverer utredninga si til kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik 19. juni.

Embetsmannsutvalet blei oppnemnt av Kongen i statsråd 3. september 2021. Utvalet fekk i oppdrag å gjere ein heilskapleg gjennomgang av embetsmannsordninga. Utvalet overleverer utredninga si til kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik den 19. juni i auditoriet, R5 i Akersgata 59.

Arrangementet er opent for pressa og andre interesserte.

For påmelding send ein e-post til KE@kdd.dep.no

Arrangementet kan også følgast digitalt på regjeringa si nett-TV.  

Tid: Måndag 19. juni, kl. 11.30-12.00

Stad: Auditoriet R5, Akersgata 59

Ta med gyldig pressekort og gyldig ID.

Mandatet for utgreiinga

Utvalet fekk i oppdrag å gjere ein heilskapleg gjennomgang av embetsmannsordninga.

Konkret skulle utvalet vurdere følgande:

  • Om embetsmannsordninga bør førast vidare.
  • Om eit eventuelt skilje mellom embetsmenn og andre statstilsette framleis bør komme fram av Grunnlova.
  • Kva særreglar som eventuelt skal gjelde for embetsmenn samanlikna med andre tilsette i staten.
  • Kva stillingar som i framtida eventuelt skal vere embetsmenn.
  • Om skiljet mellom embetsmenn som berre kan avsetjast ved dom, og embetsmenn som også kan avsetjast administrativt av Kongen i statsråd bør førast vidare, og kva stillingar som eventuelt bør innpassast under dei to kategoriane.
  • Bruk av åremål for embetsmenn.
  • Om omgrepa embetsmann og embetsmenn bør førast vidare, eller om dei kan erstattast av kjønnsnøytrale omgrep.

Medlemmane av utvalet har vore:

  • Terese Smith Ulseth, tingrettsdommar, Oslo (leiar)
  • Bjørn Trygve Grydeland, cand. Polit., Bærum
  • Haakon Stephen Bruun-Hanssen, pensjonert admiral, Vestby
  • Bjørn-Inge Larsen, spesialrådgivar, Oslo
  • Helga Pedersen, ordførar, Tana
  • Tine Eidsvaag, førsteamanuensis, Bergen
  • Turid Moldenæs, professor, Tromsø
  • Herlof Nilssen, spesialrådgivar, Randaberg
  • Christl Kvam, kommunedirektør (nå regiondirektør), Gjøvik
  • Torunn Elise Kvisberg, lagdommar, Lillehammer