Statsråd Sande besøker Nord-Østerdal

Kommunal- og distriktsminister Erling Sande besøker kommunane Alvdal, Tynset, Røros og Os i Nord-Østerdal 6. og 7. november. Statsråden skal mellom anna delta på eit folkemøte i Os om korleis ein kan skape levande lokalsamfunn i Nord-Østerdalen.

Program for reisa

6. november:

Kl. 19.30-21.30: Stasråden deltek på folkemøte i Dalsbygda samfunnshus i Os. Tema for møtet er «Kva er viktig for levande lokalsamfunn i Nord-Østerdalen».

Stad: Dalsbygda samfunnshus, 2552 Dalsbygda

7. november:

Kl. 09.00-10.00: Statsråden møter Alvdal kommune. Tema for møtet er kommuneøkonomi.

Stad: Kommunehuset i Alvdal

Kl. 10.00-10.30: Statsråden besøker Storsteigen vidaregåande skule som tilbyr fagutdanning i naturbruk.

Stad: Steigjelen 47, Alvdal

11.00-12.30: Statsråden besøker Tynset kommune og Helsearkivet på Tynset. Tema for møtet er bustadbygging i distrikta og utflytting av statlege arbeidsplassar.

Stad: Torvgata 1 og Sjukehusveien 17

14.00-15.20: Statsråden besøker Røros kommune. Tema for møtet er desentraliserte statlege arbeidsplassar og attraktive arbeidsmarknadar i distrikta.

Stad: Bergmannsgata 23

15.40-16.30: Statsråden møter ny ordførar i Os og besøker Os barnehage. Tema for besøket er viktigheita av lågare barnehageprisar i distrikta, og andre moglege distriktstiltak.

Stad: Sundmoen 9, 2550 OS