Historisk arkiv

Store frostskadar for fruktbønder i Vestfold og Telemark

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Det er meldt inn uvanleg store frostskadar etter sist vinter på frukttre i Vestfold og Telemark. Mange tre er døde, og store frukt-felt må plantast på nytt.

– Det er eit deprimerande syn, seier statssekretær Widar Skogan, som nyleg vitja en del av bøndene som er råka. Ein ting er å få tala på skrivebordet, noko heilt anna er å vere her og sjå omfanget av skadane, seier Skogan.

Befaring i frukthage
Synfaring i frukthagen på Søndre Lindheim. Frå venstre: Anlaug Grave, Henning Jensen, Widar Skogan og landbruksdirektør Helge Nymoen. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Skogan vitja tre fruktprodusentar i Gvarv for å få eit inntrykk av skadeomfanget. Desse tre produsentane har fått store delar av fruktareala sine øydelagt av frostskadar, og det må plantast på nytt.

– Dette er ein alvorleg situasjon, der vi må sjå på kva som kan gjerast med erstatningsordningar, seier Widar Skogan.

Frostskader for fruktbønder i Vestfold og Telemark
Tre med frostskadar hjå fruktbønder i Vestfold og Telemark. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Fruktfylket Telemark

Telemark har lange tradisjonar for fruktdyrking, i hovudsak konsentrert til Midt-Telemark, langs Norsjø. Fruktnæringa i Midt-Telemark er stor og gir over 200 arbeidsplasser og ei verdiskaping på over 60 millioner kroner i året. Det blir produsert ca. 4500 tonn eple kvart år.

Store investeringar

Det er store investeringar knytt til fruktproduksjon. Gjennomsnittlege etableringskostnader for moderne fruktplantingar er på rundt kroner 70.000/daa for epler og pærer, kroner 150.000/daa for moreller og kroner 45.000/daa for plommer. Det er planta mykje frukt i Telemark dei seinare åra, i gjennomsnitt 60.000 tre årleg i løpet av de siste 6 åra. Det gir ei totalinvestering i fruktsektoren i Midt-Telemark på rundt 30 millioner kroner årleg.

Norske eple i januar og februar

Etterspurnaden etter norskprodusert frukt aukar. Landets største fruktpakkeri, Telefrukt, tek imot og pakkar frukt frå over 100 aktive fruktprodusentar i Midt-Telemark.

Telefrukt bygde nytt kjølelager for langtidslagring i 2019. Med det nye lageret kan dei levere sprø og saftige Telemarkseple lenger utover vinteren. Dei to siste åra har Telefrukt saman med Coop Norge selt norske eple i butikk i desember og i 2021 også i januar og februar.