Historisk arkiv

Stort engasjement for utmarka

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Vel 200 aktørar frå heile landet har uttalt seg i høyringa om forenkling av utmarkforvaltninga. – Eit så stort engasjement er gledeleg. 95 prosent av Noregs areal er utmark. Korleis utmarksressursane blir forvalta, har difor mykje å seie for svært mange menneske, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har, i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet, starta arbeidet med å forenkle utmarkforvaltinga.

- Forvaltinga av utmark som skog og verna område har vorte for komplisert. Det er mange instansar, ulike regelverk, og dette er det vanskeleg for innbyggarar, næringsliv og kommunar å relatere seg til. Det er eit stort behov for forenkling, seier Sanner. Ei faggruppe har levert ein rapport med forslag om ei rekke forenklingstiltak.

- Dei tre departementa skal no vurdere dei ulike framlegga faggruppa har kome med, saman med høyringsinnspela, for å kome fram til kva tiltak vi skal arbeide vidare med. Forenkling av utmarkforvaltinga er eit viktig punkt for denne regjeringa seier statsråd Sanner.

Faggruppa sin rapport har  vore på høyring i vel to månadar. Engasjementet og interessa for temaet er stort.Det er brei støtte for å gjere forenklingsgrep i utmarkforvaltninga frå dei som har uttalt seg til faggruppa sin rapport.

- Norsk utmark har kvalitetar vi skal ta vare på. Utmarka gir oss rekreasjonsmoglegheiter og verdifull natur. Samstundes skal vi forvalte utmarksressursane på ein måte som gjer at vi kan utvikle næringslivet og dei potensiala som ligg innanfor landbruk, reiseliv, reindrift og andre næringar, seier Sanner. 

Her kan du lese rapporten "Forenkling av utmarksforvaltningen" (pdf)