Historisk arkiv

Stortinget sluttar seg til hovudtiltaka i språkmeldinga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Gjennom behandling av St.meld. nr. 35 (2007-2008) Mål og meining har Stortinget i dag slutta seg til rammene for ein ny og meir offensiv språkpolitikk.

Gjennom behandling av St.meld. nr. 35 (2007-2008) Mål og meining har Stortinget i dag slutta seg til rammene for ein ny og meir offensiv språkpolitikk.

Målet med språkpolitikken er at norsk kan bestå som eit komplett og samfunnsberande språk gjennom å sikra det ein fullverdig status og bruk på alle samfunnsområde.

Språkpolitikk

Regjeringa ønskjer systematisk å styrkja norsk språk, både bokmål og nynorsk, innanfor ramma av ein heilskapleg språkpolitikk. Politikken omfattar eit tydelegare språkpolitisk ansvar for samisk språk, språka til nasjonale minoritetar og norsk teiknspråk. Språkpolitikken skal også ta vare på verdien i det nye fleirspråklege mangfaldet i landet vårt.

Å ta vare på den nordiske språkfellesskapen og å betra den framandspråklege kompetansen er også viktige element.

Språkpolitikk er no etablert som eit sektorovergripande politikkområde, med tydeleg kulturpolitisk forankring. Kultur- og kyrkjedepartementet har eit overordna språkpolitisk fagansvar, men også dei andre departementa må ta språkpolitiske omsyn når dei utformar og gjennomfører sin sektorpolitikk.

Språkrådet

Språkrådet skal styrkjast som samordningsorgan for språk og språkbruk i alle delar av samfunnet. Rådet vil óg få ansvar for andre språk enn norsk, mellom anna gjennom eit fagråd for minoritetsspråk, framandspråk og språkopplæring. Språkrådet får også nasjonalt samordningsansvar for utvikling og tilgjengleggjering av norsk fagterminologi. Verksemda i Språkrådet vil bli forankra i lov.


Språklov

Stortinget har slutta seg til forslaget om å utarbeida ei allmenn språklov, som skal slå fast det norske språkets offisielle status som hovudspråk og nasjonalspråk i Noreg. Lova skal også gje overordna rammer for andre språk.

Gjennom stortingsbehandlinga er no norsk teiknspråk anerkjent som eit fullverdig språk. Det overordna offentlege ansvaret for teiknspråk blir forankra i språklova.

Det blir etablert eit system for språkpolitisk oppfølging over tid, mellom anna ein årleg språkpolitisk tilstandsrapport og lovfesting av ei samla språkpolitisk melding til Stortinget fjerde kvart år.

Språkbank

Det største enkelttiltaket som skal realiserast i åra framover, er oppbygging av ein norsk språkbank. Dette er eit viktig nasjonalt infrastrukturtiltak som skal sikra norskspråklege teknologiske løysingar over eit breitt felt.

Alt i alt inneheld språkmeldinga meir enn 100 prioriterte tiltakspunkt, som departementet no for alvor går i gang med å følgja opp.

Til toppen