Støtte til alpin-VM i Narvik 2029

– Store internasjonale meisterskap som VM i alpint skaper samhald, felles minne og identitet. VM i Narvik vil ikkje berre vere stort for ein samla norsk idrett, men òg for heile Nord-Noreg. Med spektakulære bilete frå nordnorsk natur og ein folkefest utan like, vil eit verdsmeisterskap i Narvik profilere og utvikle den nordnorske landsdelen. Og endeleg kan Nord-Noreg få høve til å arrangere eit meisterskap av internasjonalt format, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Regjeringa er difor positivt innstilt til å gi 342 millionar kroner til utbygging av VM-løypene viss Narvik får tildelt VM i alpine greiner i 2029.

– Eit VM kan òg inspirere fleire barn og unge til å byrje med idrett og få kjenne på idrettsglede. Difor vil me i regjeringa sjølvsagt bidra til eit eventuelt VM i alpint i Narvik, seier kultur- og likestillingsministeren.

Det internasjonale skiforbundet skal avgjere kven som får tildelt verdsmeisterskapet 4. juni 2024. Viss Narvik blir tildelt VM, må regjeringa leggje fram saka for Stortinget før eit eventuelt tilskot kan løyvast. Eit eventuelt statleg tilskot må òg samsvare med statsstøtteregelverket.