Styrkjer det langsiktige samarbeidet med ideell sektor

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) signerte i går ein intensjonsavtale med ideell sektor på barnevernsområdet. Avtalen er politisk nybrottsarbeid innan barnevernet. Den er viktig for å styrkje samarbeidet mellom staten og ideell sektor om å gi eit godt tilbod til barna som bur på barnevernsinstitusjon.

– Ideelle aktørar er allereie viktige samarbeidspartnarar for det statlege barnevernet i dag, og med denne avtalen styrkjer vi det langsiktige samarbeidet. Avtalen er òg eit viktig bidrag i arbeidet med å gradvis fase ut kommersielle aktørar frå barnevernet, som regjeringa har sagt i Hurdalsplattforma at vi skal gjere, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe.

Ideelle organisasjonar har i alle år vore viktige premissleverandørar og samarbeidspartnarar for det offentlege i utviklinga av velferdssamfunnet. Det gjeld òg på barnevernsfeltet, der ideelle aktørar har lange tradisjonar for å gi utsette og sårbare barn og unge tryggleik, omsorg og behandling.

– Vi har eit felles mål med denne avtalen om å vareta behovet til barna i institusjonsbarnevernet. Å gi eit godt tilbod til barn som treng det har dei ideelle aktørane god erfaring med, for dei oppretta faktisk dei aller fyrste barnevernsinstitusjonane i Noreg. Samtidig er det òg eit felles mål å auke delen plassar i ideelle barnevernsinstitusjonar. Dette er det brei politisk semje om, seier Toppe.

Intensjonsavtalen skal vere eit felles referansepunkt for dialog og samhandling mellom staten og partane i utviklinga av eit godt institusjonsbarnevern. Den skal òg bidra til ein koordinert og samordna innsats om dei felles målsettingane om å gi best mogleg omsorg til barna som treng det mest. 

Avtalen vart signert av barne- og familieministeren på vegner av staten, avtalepartane som representerer dei ideelle aktørane og dei største arbeidstakargruppene på institusjonsområdet i barnevernet. Sjølve signeringa fann stad på den ideelle barnevernsinstitusjonen Brusetkollen i Asker.

– Eg meiner det er ein styrke at partane i avtalen både omfattar Virke ideell og frivilligheit, Abelia og Ideelt Barnevernsforum (IB) som representerer dei ideelle aktørane, og Fagforbundet og Fellesorganisasjonen (FO), som representerer dei største arbeidstakargruppene i institusjonsbarnevernet. Det viser brei semje om ei felles retning, seier Toppe.

Sjå avtaleteksten her (PDF)

Gruppebilde
Bak frå venstre: Anne-Lena Brustad, medlem i Ideelt Barnevernsforum sitt arbeidsutval og Helene Harsvik Skeibrok, nestleiar i Fagforbundet. Foran frå venstre: Bernt Apeland, administrerande direktør i Virke, barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp), Mimmi Kvisvik, leiar i Fellesorganisasjonen (FO) og Øystein Eriksen Søreide, administrerande direktør i Abelia. Foto: Barne- og familiedepartementet