Svar på skriftleg spørsmål om dyrevelferdsloven

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Morten Stordalen (FrP) om kva grad statsråden meiner at dyrevelferdsloven § 30 kan nyttast som løyve for å vedta avvikling av dyrehald m.m.

Svar på skriftleg spørsmål nr. 287 frå representanten Morten Stordalen

Eg viser til spørsmål nr. 287 til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Morten Stordalen:

"I hvilken grad mener statsråden at dyrevelferdsloven § 30 kan benyttes som hjemmel for å vedta avvikling av dyrehold, og hvordan mener statsråden forholdet mellom dyrevelferdsloven § 30 og § 33 skal forstås for både å sikre dyrs levekår og eiers rettssikkerhet, og i tilfellet statsråden mener § 30 hjemler vedtak om avvikling av dyrehold, bør vilkårene for slikt inngripende vedtak følge mønsteret i vilkårene for vedtak om forbud mot aktivitet i § 33?"

Det er ingen tvil om at dyrevelferdslova § 30 har heimel til å vedta ei avvikling av dyrehald. Sjølv om det ikkje er presisert i lovteksten, gir regelen grunnlag for avvikling. Den einaste avgrensinga er at alle vedtak som Mattilsynet fattar, må vere forholdsmessige og ikkje vere meir inngripande enn det som er naudsynt for å ivareta formålet til lova.

I forvaltningspraksisen til Mattilsynet, blir avvikling av dyrehald, heilt eller delvis, nytta i to ulike høve. Det eine er når det har oppstått ein akutt situasjon, og det er naudsynt å gjennomføre tiltaka raskt, mellom anna der kor dyr er sterkt avmagra. Andre tilfelle kan vere når ein dyreeigar verken kan eller vil gjennomføre naudsynte vedtak for å utbetre tilhøve som er i strid med lova og der andre verkemiddel som til dømes tvangsbot, ikkje fører fram. Har ein dyreeigar til dømes ikkje god nok plass til alle dyra, kan han bli pålagt å redusere talet på dyr til den plassen han har.

Når det gjeld § 33, er dette eit nytt verkemiddel Mattilsynet fekk med den nye lova. Tidlegare var det berre domstolane som kunne fatte vedtak om aktivitetsforbod. I motsetnad til vedtak etter § 30, kan aktivitetsforbod etter § 33 berre nyttast dersom dyreeigar har unnlate å etterkomme vesentlege pålegg eller har brote lova grovt eller gjentekne gonger. Dette gjeld særleg i saker der det har vore ein lang tilsynshistorikk med fleire ulike lovbrot og ei vurdering syner at dyreeigar ikkje har evne til å utbetre dei ulovlege forholda. Vedtak om aktivitetsforbod kan berre treffast når det er vurdert å vere naudsynt for å hindra framtidige lovbrot. Aktivitetsforbod er ikkje straff, og det blir brukt for å ivareta velferda til dyra.

Spørsmålet om Mattilsynet skal bruke det eine eller det andre verkemiddelet, må alltid vere eit resultat av ei konkret vurdering, slik at både omsynet til dyrevelferda og rettssikkerheita til eigaren blir ivareteke.

Avvikling av dyrehald etter § 30 kan ha ei anna grunngjeving enn vedtak om forbod mot aktivitet, og vilkåra vil ikkje vere dei same som i § 33.

Med helsing

Jon Georg Dale