Svar på skriftleg spørsmål om erstatning etter avvikling av pelsdyrhold

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå Roy Steffensen (FrP) om erstatningsoppgjeret etter avvikling av pelsdyrhald og handsaming av klager.

Svar på spørsmål nr 3051 frå stortingsrepresentanten Roy Steffensen

Representanten Roy Steffensen har stilt følgjande spørsmål for skriftleg svar:

«Hvis man har søkt om erstatning etter avvikling av pelsdyrhold og fått avslag hos Landbruksdirektoratet, gjelder en klagefrist på 3 uker. Det ser imidlertid ikke ut til at direktoratet har en frist for behandling av en eventuell klage. Hvor lang tid mener statsråden det er rimelig å bruke på denne type klager?»

Forvaltningslova set ein frist på tre veker for å klage på eit enkeltvedtak. Det er rett at forvaltningsorganet ikkje har ein tilsvarande konkret frist for handsaming av ein klage, men her gjeld regelen om at saka skal bli førebudd og avgjort utan ugrunna opphald.

Eg er utålmodig etter å få sluttført erstatningsoppgjeret for pelsdyrbøndene. Eg har dialog med Landbruksdirektoratet om arbeidet, og følgjer med på status og framdrift. Dette gjeld og for handsaminga av klager.  

Med helsing

Geir Pollestad