Svar på skriftleg spørsmål om fugleinfluensa

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Sofie Marhaug (Rødt) om - Hvordan vil statsråden sikre en effektiv bekjempelse av spredning av fugleinfluensa i hele Norge?

Svar på skriftleg spørsmål nr. 2761 frå representanten Sofie Marhaug

Stortingsrepresentant Sofie Marhaug har stilt følgjande spørsmål for skriftleg svar:

«Hvordan vil statsråden sikre en effektiv bekjempelse av spredning av fugleinfluensa i hele Norge?»

Eg er som landbruks- og matminister ansvarleg for kampen mot dyresjukdommar. Mattilsynet er kompetent styresmakt og Veterinærinstituttet gir Mattilsynet faglege råd. Ved utbrot av fugleinfluensa hos villfugl samarbeider Mattilsynet med kommunane, Statsforvalterne, Miljødirektoratet, Statens naturoppsyn, Folkehelseinstituttet og Norsk institutt for naturforsking.

Alvorleg smittsam fugleinfluensa vart første gong påvist hos villfugl i Noreg hausten 2020. Hausten 2021 kom den første påvisinga i ei kommersiell fjørfebesetning i Noreg, og det har seinare vore påvisingar i fire fjørfebesetningar i Sør-Noreg.

I 2022 vart det påvist ein ny virustype hos villfugl i Nederland. Virustypen smittar og gir alvorleg sjukdom og død særleg hos måkefuglar. I løpet av 2023 har denne virustypen spreidd seg til villfuglar i heile Europa, og det er denne virustypen me finn i utbrotet langs kysten no.

Det er påvist fugleinfluensasmitte i døde villfuglar i 28 kommunar. Mattilsynet reknar med at smitten er til stades langs store delar av kysten, og dei er derfor førebudde på at det kan koma fleire større utbrot i område der mange ville fuglar er tett samla.

Fugleinfluensa smittar svært lett via avføring eller dropar frå luftvegane. Fuglane blir oftast smitta av kvarandre når dei oppheld seg tett saman, og dessutan ved kontakt med avføring frå andre fuglar eller indirekte når folk spreier avføring eller dropar med sko eller klede.

Det er viktig for meg å gjera det klart at det ikkje er mogleg å stoppa smitte blant villfugl i same grad ein kan det i kommersielle fjørfehald. Ved utbrot i kommersielle fjørfebesetningar kan Mattilsynet påleggja avliving av fuglane, i tillegg til vask og desinfisering av bygningar for å hindra spreiing av smitte. Det blir også fastsett strenge reglar for forflytting av fuglar, egg, personar og transportkøyretøy mellom dyrehald og inn og ut av soner rundt utbrotsbesetninga.

Ved store utbrot i ville fuglepopulasjonar kan ein prøve å redusere smittepresset ved å fjerne døde fuglar, så langt dette er praktisk mogleg. I tillegg kan innføring av ferdselsforbod hindre at menneske tek med seg smitte via sko og klede. Mattilsynet har i samråd med Miljødirektoratet og Statsforvalteren etablert ferdselsforbod i tre område i Finnmark og vurderer fortløpande om ferdselsforbodet skal utvidast til nye område.

Det er viktig at kommunane har gode planar for å handtere store utbrot hos villfugl. I samarbeid med statsforvaltarane jobbar Mattilsynet med å informere alle kommunar for å sikre at dei er best mogleg førebudd.

Det pågåande utbrotet av fugleinfluensa i Noreg er ein alvorleg situasjon for villfuglane i dei ramma områda og eg har bedt om at Mattilsynet må halda meg løpande oppdatert på situasjonen.

Med helsing

Geir Pollestad