Svar på skriftleg spørsmål om fugleinfluensa

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Lars Haltbrekken (SV) om kva planer statsråden har for å få bukt med fugleinfluensa på sikt.

Svar på skriftleg spørsmål nr. 2792 frå representanten Lars Haltbrekken

Stortingsrepresentant Lars Haltbrekken har stilt følgjande spørsmål for skriftleg svar:

«Hvilke planer har statsråden for å få bukt med fugleinfluensa på sikt, og vil han ta initiativ til et internasjonalt samarbeid?»

Fugleinfluensa er ein svært smittsam virussjukdom som fyrst og fremst finst hos fjørfe og ville vassfuglar. Den er anten høg- eller lågpatogen (HPAI/LPAI), avhengig av eigenskapane til viruset og evna til å forårsaka sjukdom og dødelegheit. Både HPAI og LPAI kan spreiast raskt gjennom fjørfeflokkar. LPAI-virus kan også mutera til høgpatogene stammar, noko som understrekar verdien av strenge biotryggingstiltak og rask handtering av utbrot på gardar.

Sidan 2005 har det vore ein svært stor auke i førekomsten av utbrot med fugleinfluensa. Fleire hundre millionar fuglar er tapte på grunn av sjukdommen. Sjukdommen utgjer også ein trugsel overfor fjørfenæringa og matforsyninga.

Den globale bekymringa for fugleinfluensa har auka ettersom sjukdommen har spreidd seg til nye geografiske regionar, har forårsaka smitte til nye fugleartar og har ført til ein auke i smitte til pattedyr. Smitte frå dyr til menneske har skjedd av og til, men det er ikkje rapportert om overføring mellom menneske.

Ved utbrot i kommersielle fjørfebesetningar kan Mattilsynet påleggja avliving av fuglane, i tillegg til vask og desinfisering av bygningar for å hindra spreiing av smitte. Det blir også fastset strenge reglar for flytting av fuglar, egg, personar og køyretøy mellom dyrehald og inn og ut av soner rundt besetningar med utbrot.

Det er viktig for meg å gjera det klart at det ikkje er mogleg å stoppa smitta blant villfugl i same grad som ein kan det i kommersielle fjørfehald. Ved store utbrot i ville fuglepopulasjonar kan ein prøva å redusera noko av smittepresset ved å fjerna døde fuglar, så langt dette er praktisk mogleg. I tillegg kan innføring av ferdselsforbod hindra at menneske tek med seg smitte via sko og klede. Dessverre er det slik at utbrot i ville fuglebestandar ofte ikkje reduserast i omfang før store samlingar av fugl blir oppløyste av seg sjølv, og smittetrykket blir redusert.

Høgpatogen fugleinfluensa vart oppdaga for første gong i Noreg i 2020, og Veterinær-instituttet har registrert ein aukande tendens i talet på årlege påvisingar hos villfugl. Dette fell saman med situasjonsbiletet i Europa og resten av verda. Trekkfugl bevegar seg over lange avstandar, og kan på den måten spreia fugleinfluensavirus over svært store område. Europeiske ruter for trekkfugl overlappar i nokre område med trekkruter frå andre kontinent. Fugleinfluensavirus kan på slike stader utvekslast mellom fuglar som tilhøyrar ulike trekkruter. På den måten er fugleinfluensa eit globalt problem, og det er ikkje mogleg å hindra introduksjon av fugleinfluensa med trekkfugl til Noreg. Noreg kan ikkje åleine få bukt med fugleinfluensa.

Fugleinfluensaviruset som har forårsaka sjukdom blant krykkjer i Nord-Noreg er ein virusvariant som først vart oppdaga i Frankrike våren 2022, og som har forårsaka massedød blant måkefugl i ei rekkje europeiske land våren og sommaren 2023.

Eg er kjend med at nettopp denne sjukdommen var eit hovudtema under Verdens dyrehelseorganisasjon (WOAH) sin generalforsamling i år. Internasjonale ekspertar diskuterte verknaden av sjukdommen, effekten av eksisterande førebyggings- og kontrolltiltak, betydninga for internasjonal handel og nødvendigheita av å styrkja global koordinering. Noreg er medlem i WOAH og deltok ved generalforsamlinga.

Land som tidlegare stolte på konvensjonelle metodar for å kontrollera fugleinfluensa, står no overfor overveldande utfordringar. Ved sida av biotryggleik, flyttingsrestriksjonar og nedslakting, diskuterte WOAH sin generalforsamling bruken av vaksinasjon som eit tilleggsverktøy.

EU-kommisjonen og EU-byråa European Food Safety Authority og European Centre for Disease Prevention and Control, jobbar tett med internasjonale partnarar som WOAH, WHO (Verdshelseorganisasjonen) og FAO (FNs mat- og landbruksorganisasjon) i kampen mot fugleinfluensa. Noreg deltek også her mellom anna med ekspertar frå Veterinærinstituttet og Mattilsynet.

Det pågåande utbrotet i Noreg er ein alvorleg situasjon for villfuglane i dei råka områda og eg har bede om at Mattilsynet må halda meg laupande oppdatert på situasjonen.

 

Eg har inntrykk av at norske styresmakter og ekspertmiljø deltek på ein formålstenleg måte i kampen mot fugleinfluensa, både nasjonalt og internasjonalt. Eg ser ikkje behov for å ta initiativ til ytterlegare internasjonalt samarbeid, men eg vil at Noreg framleis skal delta aktivt i det allereie eksisterande internasjonale arbeidet.

Med helsing

Geir Pollestad