Svar på skriftleg spørsmål om Mattilsynets kontroll med grisegårder

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Ingvild Wetrhus Thorsvik (V) - om Mattilsynets rapport om kontroll med grisegårder stemmer, og vil statsråden i så fall sørge for å rette opp i Mattilsynets rapport.

Svar på spørsmål nr 946 frå stortingsrepresentant Ingvild Wetrhus Thorsvik

Stortingsrepresentant Ingvild Wetrhus Thorsvik har stilt føljande spørsmål for skriftleg svar:

«Vil statsråden undersøke hvorvidt funnene Nettverk for dyrs frihet mener å ha gjort i sin rapport om Mattilsynets kontroll med grisegårder stemmer, og vil statsråden i så fall sørge for å rette opp i Mattilsynets rapport, slik at den reflekterer de virkelige forholdene for griser i Norge?»

Spørsmålet frå representant Wetrhus Thorsvik er svært likt spørsmålet eg nett har motteke frå representant Bastholm, og mine svar er difor i stor grad likelydande.

Etter at Mattilsynet publiserte sluttrapporten frå den nasjonale tilsynskampanjen som vart gjennomført i 2021-2022, fekk dei kritiske spørsmål frå både dyrevernarar og representantar for svineprodusentane. Dyrevernorganisasjonen «Nettverk for dyrs frihet» meinte at Mattilsynets sluttrapport gav eit uhøveleg positivt inntrykk. Samstundes opplevde fleire produsentar og representantar for næringa at praksisen til Mattilsynet for registrering og teljing av regelverksbrot gav eit urimeleg og uhøveleg negativt inntrykk av den faktiske tilstanden i næringa. Av den grunn gjekk Mattilsynet i januar 2023 sjølv gjennom samtlege saker og dokument i dei 582 tilsyna som inngjekk i svinekampanjen.

Mattilsynets gjennomgang viste at det fanst avvik mellom det som er registrert som regelbrot i systemet og danna grunnlaget for sluttrapporten, og det som står skreve i tilsynsrapportane. Mattilsynet meiner det likevel ikkje endrar hovudkonklusjonane frå rapporten;

  • Det er for mange svineprodusentar som har regelverksbrot, og ein del har fleire og alvorlege brot. Dette er ikkje godt nok
  • Det er stor variasjon i korleis norske grisar har det
  • For mange sjuke og skadde grisar får ikkje god nok oppfølging
  • For mange griser får ikkje nok rotemateriale og strø

Mattilsynet forklarar at hovudårsaka til avviket mellom registrerte regelverksbrot og regelverksbrot som berre går fram av tilsynsrapportane, var ulik praksis og usikkerheit om korleis ein registrerer mindre alvorlege brot i sakshandsamingssystemet, når rettleiing vart brukt som verkemiddel.

Sakene er ikkje behandla på ny i forvaltingsrettsleg forstand, men både tilsynsrapportar, tilsynskvitteringar og bilete har i gjennomgangen blitt vurdert på ny. Ein gjennomgang av skriftlege dokument i ettertid er hefta med usikkerheit da inspektøren gjer skjønnsmessige vurderingar som ikkje nødvendigvis er godt nok reflekterte i tilsynsrapportane. Gjennomgangen gjer dermed ikkje grunnlag for å korrigere tala i sluttrapporten, men har gjeve Mattilsynet kunnskap om viktige forbetringsområde.

I 2023 gjorde Mattilsynet nokre viktige endringar i dokumentmalane og det elektroniske sakshandsamingssystemet. Endringane skal bidra til at alle regelverksbrot blir konstatert, godt grunngjeve i dokumenta og registrert i systemet til Mattilsynet. Det er òg gjennomført opplæring for inspektørane om dette.

Mattilsynet arbeider kontinuerleg med å betre forvaltningskvaliteten, blant anna gjennom ny rettleiar for offentleg kontroll, tiltak for å heve forvaltningskompetanse og betre kvalitetssikring av tilsynsrapportar. 

Mattilsynet vil i 2024 prioritere tilsyn hos dei bøndene som hadde dei mest alvorlege regelverksbrota og i dei sakane der den interne gjennomgang i etterkant har gjeve tvil om etterlevinga av regelverket.

Med helsing

Geir Pollestad