Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om kronebeløpet av tollbeskyttelse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen  (Sp) om kronebeløpet av tollbeskyttelse.

Stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen har stilt følgjande spørsmål: 

"Kan statsråden redegjøre for kronebeløpet av tollbeskyttelse, vist med henholdsvis krone-toll og prosenttoll, i dagens tollvern for følgende produkter: 

Hvete, havre, bygg, potet, gulrot, epler, konsummelk, storfekjøtt (hele/halve slakt, fersk), lam (hele/halve slakt, fersk), svin (hel/halve slakt, fersk), kylling (hele/halve slakt, fersk), egg (hønseegg)?" 

Tabellen på neste side viser kronetoll, prosenttoll og berekna kronebeløp for prosenttoll for dei nemnde produkta. 

Sidan 1995 har Noreg i nokre handelsavtalar bunde kronetoll med ein liten preferanse i høve til den generelle tollsatsen for einskilde produkt, mellom anna gjeld dette potet, gulrot, eple og egg.

Tabell.  Kronetoll og prosenttoll. 

Produkt

Tollvarenummer

WTO-bunden tollsats

Internasjonal pris (gj.sn. 2014 – 2016)

Prosenttoll berekna til kr/kg

Kr/kg

Prosenttoll

Matkveite

10.01.9900

2,13

347 %

1,80

6,25

Fôrkveite

10.01.9900

2,13

347 %

1,62

5,62

Havre

10.04.9000

1,74

318 %

1,56

4,97

Bygg

10.03.9000

1,52

233 %

1,52

3,54

Tidlegpotet

07.01.9011

2,17

191 %

5,82

11,12

Lagringspotet

07.01.9028

1,12

100 %

5,48

5,48

Gulrot

07.06.1011

2,61

76 %

6,24

4,74

Gulrot

07.06.1021

1,15

38 %

6,06

2,30

Eple

08.08.1011

4,83

188 %

9,93

18,67

Konsummjølk1

04.01.2000

4,46

388 %

8,33

32,31

Storfekjøt (heile/halve slakt, fersk)

02.01.1000

32,28

344 %

31,89

109,70

Lam (heile/halve slakt, fersk)1

02.04.1000

32,49

429 %

53,34

228,85

Svin (heile/halve slakt, fersk)

02.03.1101

24,64

363 %

17,91

65,01

Kylling (heile/halve slakt, fersk)

02.07.1100

48,40

425 %

20,27

86,15

Egg (hønseegg)

04.07.2100

12,59

272 %

8,97

24,40

      1)      For konsummjølk og lam er prosenttoll den gjeldande tollsatsen, for dei andre produkta i tabellen er kronetoll den gjeldande tollsatsen.

 

Med helsing

Jon Georg Dale