Svar på skriftleg spørsmål om Norsk Fjordhestsenter

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå Alfred Jens Bjørlo (V) om  - Landbruksministeren vil sørge for at Norsk Fjordhestsenter får auka statstilskotet i 2024.

Svar på spørsmål nr 3015 fra stortingsrepresentant Alfred Jens Bjørlo

Stortingsrepresentant Alfred Jens Bjørlo har stilt følgande spørsmål for skriftleg svar:

Norsk Fjordhestsenter i Vestland er nasjonalt kompetansesenter for fjordhesten, ein særmerkt hesterase som Noreg har eit spesielt ansvar for å ta vare på. Oppgåvene som nasjonalt kompetansesenter er finansiert over statsbudsjettet, men har ikkje vore prisjustert dei siste åra. Dermed får senteret stadig dårlegare økonomisk handlingsrom til å ivareta nasjonale og internasjonale forpliktingar. Vil Landbruksministeren sørge for at Norsk Fjordhestsenter får auka statstilskotet i 2024 slik at siste åras realnedgang blir retta opp?

Det er rett som representanten Bjørlo påpeiker at fjordhesten er ein blant fleire nasjonale rasar og artar som Norge har eit særskilt ansvar for å ta vare på. Nokre rasar får tilskot til vern og avlsarbeid over statsbudsjettet, og fjordhesten er ein av desse utvalde ved tilskot til Norsk Fjordhestsenter. I tillegg  arbeider Norsk hestesenter med bevaring av dei nasjonale hesterasane, og dei gjer tilskot til ulike avlsprosjekt. Arbeidet blir finansiert ved overskot frå spel på hest. Storleiken på tilskotet over statsbudsjettet vert handsama i den ordinære budsjettbehandlinga og eg kan difor ikkje kommentera storleiken på dette no.

Med helsing

Geir Pollestad