Svar på skriftleg spørsmål om nydyrking av myr

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå Bengt Rune Strifeldt (FrP) - Forbod mot nydyrking av myr.

Skriftleg svar på spørsmål nr. 3035 frå stortingsrepresentant Bengt Rune Strifeldt – Spørsmål om nydyrking av myr

Eg viser til brev frå Stortinget sin president av 29. august 2023 vedlagt spørsmål frå stortingsrepresentant Bengt Rune Strifeldt. Spørsmålet og grunngjevinga lyder:

«I forrige periode fikk Senterpartiet, Arbeiderpartiet og Fremskrittspartiet sammen    gjennomslag for å endre § 11 andre ledd i jordlova, som omhandler et forbud mot nydyrking av myr. Imidlertid var det noe uenighet mellom de tre partiene om endringen
i § 11 ville gi et sterkere vern av myra, eller gjøre det lettere for bønder å få dispensasjon. FrP og Sp mente det siste. Hva er statsråd Pollestads vurdering mer enn to år etter lovendringen, har det blitt vanskeligere eller lettere for bønder å få dispensasjon for nydyrking av myr?»

I 2020 vart det innført eit generelt forbod mot nydyrking av myr, med moglegheit for å gje dispensasjon i særlege høve. Senterpartiet var i mot dette forbodet, og fremja difor forslag om å oppheva heimelen for å fastsetja forbod mot nydyrking av myr.

Forbodet vart vedteke av Stortinget i april 2019 med støtte frå mellom anna FrP. Voteringsutskrifta på Stortinget.no viser at også representanten Strifeldt røysta for forbodet.

Stortinget vedtok 28. mai 2021 å endre jordlova § 11 andre ledd (lov om endring av jordlova). Lovvedtaket innebar at nydyrking og anna nedbygging av myr berre kan skje om omsynet til klima, natur- og kulturlandskap vert vareteke gjennom ein heilskapleg plan godkjent av kommunen.

Stortinget sitt lovvedtak vart sanksjonert 11. juni 2021, jf. kgl.res. av same dato, og ei lovendring vart vedteken. Den kongelege resolusjonen fastset ingen dato for iverksetjing. Når det kjem til iverksetjing, følgjer det av omtalen i resolusjonen at det er naudsynt å få oversikt over konsekvensane av lovendringa, mellom anna korleis den nye regelen kan  bli samordna med relevant regelverk, før lovendringa kan tre i kraft. Endringslova er ikkje iverksett, og det er difor ikkje mogleg å seie noko om sjølve praktiseringa av lovendringa.

I samband med handsaming av revidert nasjonalbudsjett for 2023 bad Stortinget regjeringa om å leggje fram eit forslag om å oppheve lovvedtaket om endring av jordlova, sjå oppmodningsvedtak nr. 928.

Eg vil følgje opp dette oppmodingsvedtaket, og eit lovforslag om å oppheve lovendringa i 2021 vil verte lagt fram for Stortinget. Oppmodningsvedtaket frå Stortinget inneber at den nemnde lovendringa, ikkje vil tre i kraft. Rettstilstanden er difor slik som mellom anna representanten Strifeldt og FrP røysta for i Stortinget 11. april 2019.

Eg vil frametter syte for ei fornuftig paktisering av loven og tilhøyrande forskrift.

Med helsing

Geir Pollestad