Svar på skriftleg spørsmål om prisen på potet

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Bengt Rune Strifeldt (FrP) om statsråden kan gå god for at prisen på potet vil være «om lag som før, når fageksperter mener prisene vil øke betydelig som følge av den nye tollsatsen for poteter.

Spm nr 691 frå stortingsrepresentant Bengt Rune Strifeldt til skriftleg svar

Representanten Bengt Rune Strifeldt stiller ved brev 13.12.2023 følgjande spørsmål:

«På hvilket grunnlag kan statsråden gå god for at prisen på potet vil være «om lag som før, når fageksperter mener prisene vil øke betydelig som følge av den nye tollsatsen for poteter?»

Regjeringa har ambisiøse mål for norsk landbruk. Å oppretthalde norsk produksjon er grunnleggjande for matforsyninga vår. Eit solid importvern er ein føresetnad for å nå måla våre om auka sjølvforsyning, styrka beredskap, høgre inntekter for norske bønder og landbruk over heile landet. Det er nettopp derfor det skal gjennomførast ei omlegging frå kronetoll til prosenttoll for potet, potetflak og potetgranulat.

Omlegginga frå kronetoll til prosenttoll på potet og potetprodukt vil over tid gi høve for prisauke nasjonalt på desse produkta. Samstundes er det ikkje slik at prisen for eit produkt blir fastsett på grunnlag av nivået på tollsatsane.

Det er mange ulike faktorar som bestemmer prisen på eit produkt. Eit tilfeldig butikkbesøk nyleg viste eit prisspenn på poteter frå 12,45 kr/kg til 74,75 kr/kg. Tollsatsen ved import er   1-2 kr/kg. Prisvariasjonen er stor, uavhengig av om poteta er importert eller ikkje. Dette viser at andre forhald som kvalitet og særpreg, men og betalingsviljen til forbrukarane og industrien, i stor grad styrer prissettinga.

Prisen på alternativ til potet har òg betydning. Som erstatning har forbrukarane ei rekkje alternativ å velje mellom, som ris, pasta, andre rotfrukter mv. Ved bruk av råvarer av potet i næringsmiddelindustrien vil omsynet til avsetning av ferdigvara gi rammer for råvarekostnadane.  

Potet har òg målpris, som er ein makspris som blir sett i jordbruksavtala. I dette ligg òg eit omsyn til forbrukerprisar. Ved overskriding av målprisen vil tollsatsen kunne setjast ned for å leggje til rette for import.

Omlegginga av tollsystemet vil ikkje nødvendigvis ha stor betydning for produksjon og prisar på kort sikt. Det er eit grep som på sikt vil styrkje økonomien i potetdyrkinga ved å gi rom for prisauke, men då innanfor dei rammene marknaden sett framover. Det vil kunne føre til auka inntekt for norske bønder, i tråd med regjeringa sin landbrukspolitikk.

Med helsing

Geir Pollestad