Svar på skriftleg spørsmål om svinenæringen

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Une Bastholm (MDG) om “Mattilsynets kontroll med grisefarmer” fra Nettverk for dyrs frihet, mener statsråden at sluttrapporten fra Mattilsynets nasjonale tilsynskampanje med svin i 2021-2022 gir et korrekt bilde av omfanget av regelverksbrudd i svinenæringen?

Svar på spørsmål nr 944 frå stortingsrepresentant Une Bastholm

Stortingsrepresentant Une Bastholm har stilt føljande spørsmål for skriftleg svar:

«I lys av funnene i rapporten “Mattilsynets kontroll med grisefarmer” fra Nettverk for dyrs frihet, mener statsråden at sluttrapporten fra Mattilsynets nasjonale tilsynskampanje med svin i 2021-2022 gir et korrekt bilde av omfanget av regelverksbrudd i svinenæringen?»

Etter at Mattilsynet publiserte sluttrapporten frå den nasjonale tilsynskampanjen som vart gjennomført i 2021-2022, fekk dei kritiske spørsmål frå både dyrevernarar og representantar for svineprodusentane. Dyrevernorganisasjonen «Nettverk for dyrs frihet» meinte at Mattilsynets sluttrapport gav eit uhøveleg positivt inntrykk. Samstundes opplevde fleire produsentar og representantar for næringa at Mattilsynet sin praksis for registrering og teljing av regelverksbrot gav eit urimeleg og uhøveleg negativt inntrykk av den faktiske tilstanden i næringa. Av den grunn gjekk Mattilsynet i januar 2023 sjølv gjennom samtlege saker og dokument i dei 582 tilsyna som inngjekk i svinekampanjen.

Mattilsynets gjennomgang viste at det fanst avvik mellom det som er registrert som regelbrot i systemet og danna grunnlaget for sluttrapporten, og det som står skreve i tilsynsrapportane. Mattilsynet meiner det likevel ikkje endrar hovudkonklusjonane frå rapporten;

  • Det er for mange svineprodusentar som har regelverksbrot, og ein del har fleire og alvorlege brot. Dette er ikkje godt nok
  • Det er stor variasjon i korleis norske grisar har det
  • For mange sjuke og skadde grisar får ikkje god nok oppfølging
  • For mange griser får ikkje nok rotemateriale og strø

Mattilsynet forklarar at hovudårsaka til avviket mellom registrerte regelverksbrot og regelverksbrot som berre går fram av tilsynsrapportane, var ulik praksis og usikkerheit om korleis ein registrerer mindre alvorlege brot i sakshandsamingssystemet, når rettleiing vart brukt som verkemiddel. Gjennomgangen har gitt Mattilsynet kunnskap om viktige forbetringsområde.

I 2023 gjorde Mattilsynet nokre viktige endringar i dokumentmalane og det elektroniske sakshandsamingssystemet. Endringane skal bidra til at alle regelverksbrot blir konstatert og godt grunngjeve i dokumenta, og registrert i systemet til Mattilsynet. Det er òg gjennomført opplæring for inspektørane om dette.

Mattilsynet arbeider kontinuerleg med å betre forvaltningskvaliteten, blant anna gjennom ny rettleiar for offentleg kontroll, tiltak for å heve forvaltningskompetanse, og betre kvalitetssikring av tilsynsrapportar. 

Mattilsynet vil i 2024 prioritere tilsyn hos dei bøndene som hadde dei meist alvorlege regelverksbrota og i dei sakane der den interne gjennomgang i etterkant har gjett tvil om etterlevinga av regelverket.

Med helsing

Geir Pollestad