Svar på skriftleg spørsmål om registreringsplikt på fangst av vilt mv.

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Une Bastholm (MDG) om registreringsplikt på fangst av vilt mv.

Skriftleg svar på spørsmål nr. 3077 frå stortingsrepresentant Une Bastholm om registreringsplikt på fangst av vilt mv.

Eg viser til brev frå Stortinget sin president av 4. september 2023 vedlagt spørsmål frå stortingsrepresentanten Une Bastholm:

«Organisasjonen Aktivt Rovdyrvern rapporterer om en rekke tilfeller av feilslag og bifangst av rovvilt. Det mangler oversikt over hvor mange feller som finnes i naturen, antall dyr som fanges, antall feilslag og tilfeller av bifangst. Vil statsråden innføre registreringsplikt på fangst, bifangst og feilslag og innføre søknadsplikt på oppsetting av alle felletyper?»

Spørsmålet blei retta til klima- og miljøministeren, men er sendt vidare til meg for svar.

Jakt, fangst og bruk av feller for hausting av vilt har lange tradisjonar i Noreg. Sjølv om det i dag blir felt mest vilt med skytevåpen, er fellefangst framleis ein viktig haustingsform for enkelte viltartar.

Jakt og fangst er strengt regulert. Overordna reglar på dette området går fram av dyrevelferdslova, naturmangfaldlova og viltlova. Reglane peikar mellom anna på at dyr skal skjermast mot fare for unødige lidingar og at jakt og fangst skal utøvast på ein forsvarleg måte som varetek dyrevelferda. Likeins skal utstyr som blir nytta ta omsyn til dyrevelferda. Det skal heller ikkje oppstå fare for menneske, husdyr eller skade på eigedom. Meir detaljerte reglar for fangst, mellom anna om kva artar som kan fangstast, lovlege typar feller, plassering av feller og krav om tilsyn, går fram av forskrift om jakt, felling og fangst (kapittel 9). Miljødirektoratet er delegert mynde for denne forskrifta.

Regelverket på området er ikkje statisk. Med bakgrunn i mellom anna omsyn som stortingsrepresentanten spør om, har Miljødirektoratet nyleg gjennomført høyring på endringar av reglar for fangst i forskrift om utøving av jakt, felling og fangst. Høyringsfristen var 1. september 2023. Forslaga inneber ei skjerping av krav om mellom anna godkjente feller for selektiv fangst av ulike artar og hyppigare tilsyn, som har til føremål å styrkje omsynet til dyrevelferda i samband med fangst av vilt.

Landbruks- og matdepartementet leier eit arbeid med å gå gjennom og modernisere viltlova, der Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet òg deltek. Fangst er regulert i viltlova og vil naturleg vere ein del av lovgjennomgangen. Aktivt Rovdyrvern har gitt innspel om jakt og fangst som vil bli vurdert i lovarbeidet.

Til stortingsrepresentantens spørsmål om innføring av registreringsplikt på fangst, feilslag, bifangst, og om søknadsplikt på oppsetjing av alle typar feller, er det etter mitt syn ikkje aktuelt å gå nærare inn på dette no, gitt dei regelverksprosessane som er starta.

Med helsing

Geir Pollestad