Svar på skriftleg spørsmål om svinepest i Norge

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant André N. Skjelstad (V) om ekstraordinære grep for å sikre at vi ikkje får svinepest til Norge.

Svar på skriftleg spørsmål nr. 3128 frå representanten André N. Skjelstad

Stortingsrepresentant André N. Skjelstad har stilt følgjande spørsmål for skriftleg svar:

«Tar regjeringen noen ekstraordinære grep for å sikre at vi ikke får svinepest til Norge, og hvilke tiltak har dere satt i verk for å hindre en lignende situasjon her?» 

Onsdag 6. september melde Jordbruksverket og Statens Veterinärmedicinska Anstalt i Sverige om utbrot av Afrikansk svinepest i Fagersta. Dette er den første påvisinga av denne alvorlege svinesjukdommen i Norden. Smitten er til no påvist hos 18 dyr, og det er venta at dette talet stig. Det er innført restriksjonar på ferdsel, jakt og aktivitetar i eit stort område og kommersielle svinehald blir avliva som eit førebyggjande tiltak. Førebels er det uklart korleis smitten har komme til Sverige. Mattilsynet og Veterinærinstituttet følgjer utviklinga nøye, og er i dialog med svenske styresmakter.

Sjølv har eg hatt kontakt med den svenske landsbygdministeren Peter Kullgren, og me vurderer begge situasjonen som alvorleg og urovekkjande. Det er òg ei alvorleg påminning om risikoen ved å ha ein etablert villsvinpopulasjon i landet.

Afrikansk svinepest er ein svært smittsam og alvorleg virussjukdom hos villsvin og tamme svin. I tillegg til direkte spreiing frå sjuke dyr og kadaver, er matavfall som stammar frå område med smitte ei smittekjelde.

Noreg og EU har same minimumsregelverk som set krav til ei rekkje tiltak for både å førebyggja og nedkjempa denne sjukdommen. Det er mellom anna krav om desinfeksjon av køyretøy som har transportert svineprodukt over landegrenser, forbod mot flytting av villsvin, i tillegg til informasjonskampanjar om sjukdommen og handlingsplan mot villsvin.

Land med smitte er sjølve ansvarlege for å setja i verk tiltak som reduserer risikoen for smitte til andre område og andre land. Det blir stilt detaljerte krav til ulike tiltak, som forbod mot all jakt, forbod mot ferdsel og jordbruks- og skogbruksverksemd med meir. Eit utbrot av Afrikansk svinepest vil difor ha store konsekvensar.

Auka utbreiing av villsvin utgjer ein stor trussel med tanke på introduksjon og spreiing av Afrikansk svinepest. Eg hadde nyleg eit nytt møte med Mattilsynet og Veterinærinstituttet for å bli oppdatert om status for utbrotet i Sverige, og for å diskutera nye tiltak for å forebygga smitte til Noreg. I tillegg til dei tiltaka som allereie er igangsett, har eg bede Mattilsynet vurdera behovet for å styrkja enkelte tiltak i handlingsplanen mot villsvin, og foreslå fleire tiltak for å redusera villsvinbestanden i Noreg.

Eg er kjend med at Mattilsynet og Veterinærinstituttet nyleg har hatt møte med miljøstyresmaktene, interesseorganisasjonar for jegerar og grunneigarar, lokale og regionale styresmakter for å orientera om situasjonen som har oppstått, og for å samarbeida med å få ut viktig informasjon.

I dag, 15.9. har eg hatt møte med sentrale næringsorganisasjonar og jegerinteressar for å få ei orientering om kva dei ulike organisasjonane har sett i verk av tiltak, og kva beredskap og planar dei har framover. Det er ei felles forståing av alvoret i situasjonen og for at det er naudsynt å setje i verk ytterlegare tiltak.

Eg meiner at den linja Noreg har hatt med å bekjempe spreing av villsvin har vore heilt rett. Eg vil setje i verk nye tiltak som er effektive og mogleg å gjennomføre, samt syte for at me er godt førebudd om me får eit utbrot i Noreg eller nærare grensa i Sverige.

Med helsing

Geir Pollestad