Svar på skriftleg spørsmål om varmebehandling av jord

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Lene Westgaard Halle (H) - Om varmebehandling av jord, slik at mindre matjord blir deponert.

Skriftleg svar på spm nr 1843 frå stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle - Om varmebehandling av jord, slik at mindre matjord blir deponert

Eg viser til spørsmål nr. 1843 for skriftleg svar frå Stortingets presidentskap. Følgjande spørsmål er reist i brev av 23.04.2024 frå stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle:

«Vil statsråden ta initiativ til at denne moderne, norske teknologien kan bli en del av standarden for behandling av jord i Norge, slik at mindre jord blir deponert og mer blir brukt til matproduksjon?»

Som eg svarte på eit liknande spørsmål frå stortingsrepresentant Grete Wold, vil eg starte med å seie at det viktigaste for å sikre at jorda blir brukt til matproduksjon, er å unngå å bygge ned matjord. Men om ein ikkje kan unngå det, så meiner eg at det er viktig å ta vare på matjorda frå arealet som blir bygd ned, både til å forbetre eksisterande jordbruksareal og til å opparbeide nye. Eit av tiltaka i den nyleg vedtekne nasjonale jordvernstrategien er å arbeide vidare med dette, jf. pkt. 2.8 «Avbøtende og kompenserende tiltak».

Stortinget har bede regjeringa gå gjennom relevant regelverk og utarbeide ein felles strategi for massehandtering. Tiltak for å unngå å spreie uønskte organismar vil bli vurdert da. Ei bredt samansett direktoratsgruppe, som var leia av Miljødirektoratet, tilrår i rapporten «Tverrsektorielt prosjekt om disponering av jord og stein som ikke er forurenset», ei rekke tiltak for å sikre ein meir berekraftig forvaltning av reine overskotsmassar frå bygge- og anleggstiltak. Det høgast prioriterte tiltaket er å gå gjennom relevant regelverk og utarbeide ein felles rettleiar knytt til gjeldande regelverk for massehandtering.

Kommunal- og distriktsdepartementet starta hausten 2023 arbeidet med ein slik rettleiar, og har som mål at den vil vere klar i 2024. Arbeidet vil skje i samarbeid med mitt departement og Landbruksdirektoratet.

Med helsing

Geir Pollestad