Svar på skriftleg spørsmål om kyllingproduksjon

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Nils Kristen Sandtrøen (A) utviklinga av kyllingproduksjonen i fylka.

Svar på skriftleg spørsmål nr 1651 frå stortingsrepresentant Nils Kristen Sandtrøen

Stortingsrepresentant Nils Kristen Sandtrøen har stilt følgjande spørsmål:

"Hvordan har den geografiske fordelingen av kyllingproduksjonen blitt påvirket av fordoblingen av konsesjonsgrensen i 2014, og kan statsråden gi en oversikt over totalt antall kyllingprodusenter i de enkelte årene fra 2000 til 2018 som også viser hvordan antallet kyllingprodusenter har utviklet seg i ulike fylker, og hvordan det totale antallet slaktekyllinger har utviklet seg i hvert fylke?

Kyllingproduksjon har aldri vore nokon distriktsproduksjon i Noreg. Det er fylka Østfold, Hedmark, Rogaland og Trøndelag som har stått for det meste av produksjonen. Grunnar til det kan vere produsentmiljø og avstand til kyllingslakteri. Totalt har det i perioden sidan år 2000 vore 5-600 produsentar. I den grad ein kan seie noko om endringar i den geografiske fordelinga, har det sidan 2001 vore ei viss relativ auke i produksjonen i Trøndelag (Nord-Trøndelag) og noko i Rogaland. Frå 2014 til 2017 er det ingen registrerbar endring mellom fylka, jf. tabell 1 nedanfor. Nedgangen i produksjonen etter 2014 skuldas den store svikten som skjedde i etterspurnaden i 2015.

Statistikken som blir etterspurd, for alle fylka i perioden 2001-2017, er lagt ved som eigen tabell.

Tabell 1: Talet på produsentar og prosent av landet for utvalde fylke 2001-2017

 

2 001

2 014

2 017

 

Antall

%

Antall

%

Antall

%

Østfold

90

18

99

15

96

16

Hedmark

106

21

133

20

116

20

Rogaland

84

16

125

19

117

20

Sør-Trøndelag

46

9

91

14

74

12

Nord-Trøndelag

56

11

122

18

102

17

Sum

382

75

570

85

505

85

Landet

511

100

673

100

593

100

Grensa for konsesjonsfri produksjon vart auka frå 120 000 til 140 000 kylling per år i 2013, og vidare til 280 000 kylling per år i 2014. Føremålet med den siste auken var å gjere det mogleg ha kyllingproduksjon som ein heiltids husdyrproduksjon, og ikkje berre som ein til­leggs­produksjon til anna jordbruksproduksjon eller anna inntekt.

På kort sikt har det berre vore dei som har hatt ledig kapasitet i eksisterande bygningar som kunne auke sin produksjon. Normalt må ein gjennom ein byggeprosess før produksjonen kan aukast. Svikten i marknaden, som gav stor overproduksjon, kom om lag samstundes med endringa i konsesjonsgrensa. Det er grunn til å tru at dette kan ha dempa interessa for å investere i nye kyllinghus.

Med helsing

Jon Georg Dale

Til toppen