Svar på spørsmål om korleis statsråden vil følgje opp vedtak nr. 10 frå handsaminga av sak om endringer i konsesjonsloven og tvangsfullbyrdelsesloven

Landbruks- og matministeren har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) om korleis statsråden vil følgje opp vedtak nr. 10 frå handsaminga av sak om endringer i konsesjonsloven og tvangsfullbyrdelsesloven (oppheving av priskontroll).

Eg viser til spørsmål sendt meg 16. februar 2016. Spørsmålet lyder: 

"Korleis vil statsråden følgje opp vedtak nr. 10 frå handsaminga av sak om endringer i konsesjonsloven og tvangsfullbyrdelsesloven (oppheving av priskontroll)?" 

I grunngjevinga for spørsmålet er det vist til at Stortinget ber regjeringa presisere overfor landbruksforvaltninga, fylkesmannsembetet, kommunane og fylkeskommunane at reglane i konsesjonslova om priskontroll skal følgjast. 

Departementet sende denne veka ut rundskriv M-2/2016 med følgjande omtale som gjeld Stortinget sitt vedtak nr. 10: 

"Stortingsbehandlingen innebærer at priskontrollen ved konsesjonsvurderingen skal opprettholdes slik at konsesjonslovens bestemmelser om priskontroll skal følges. Henstillingen i brev 4. desember 2013 om ikke å legge avgjørende vekt på pris ved konsesjonsvurderingen mens forslaget om å oppheve priskontrollen var til behandling, vil med dette bortfalle." 

Rundskriv M-2/2016 gjeld ut over dette endringar i beløpsgrense for prisvurdering ved konsesjonsbehandling av bebygd eigedom. Endringa er knytt til Stortinget sitt vedtak nr. 3 frå behandlinga av proposisjonen om priskontroll som representanten viser til i sitt spørsmål. I rundskrivet er både Stortinget sine vedtak nr. 3 og 10 sitert. 

 

Med helsing  

Jon Georg Dale