Historisk arkiv

Svar på spørsmål om Israels terrorstempling av palestinske organisasjonar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Anniken Huitfeldt sitt svar på eit spørsmål frå Ingrid Fiskaa (SV) om korleis regjeringa stiller seg til meldinga om at Israel no stemplar seks palestinske menneskerettsorganisasjonar som terrororganisasjonar.

Skriftleg spørsmål nr. 152 (2021-2022).
Datert 27.10.2021

Frå representanten Ingrid Fiskaa (SV) til utanriksministeren:
Korleis stiller regjeringa seg til meldinga om at Israel no stemplar seks palestinske menneskerettsorganisasjonar som terrororganisasjonar?

Utanriksministerens svar:
Sivilsamfunnet i Palestina, som sivilsamfunn andre stader i verda, spiller ei sentral rolle for å fremme respekt for menneskerettar og demokratiske prinsipp. Norske styresmakter meiner det er viktig at palestinske sivilsamfunnsorganisasjonar og menneskerettsforsvararar får utøve sitt virke utan hindring.

Vi er derfor svært bekymra over at Israel nå har terrorlista seks palestinske sivilsamfunnsorganisasjonar. Vi blei ikkje varsla om denne avgjerda på førehand. Vi ser alvorleg på skuldingane. Vi er i kontakt med israelske styresmakter. Det kviler på dei å dokumentere skuldingane. Om det ikkje kjem fram tilstrekkeleg dokumentasjon som underbyggjer skuldingane, vil vi be om at avgjerda blir omgjort. Vi har også tett og fortløpande kontakt med FN og andre gjevarar.

Tiltala er retta mot anerkjende menneskeretts- og sivilsamfunnsorganisasjonar som har motteke og mottar støtte frå ei rekke internasjonale gjevarar, inkludert Noreg. Tre av dei rørte organisasjonane mottar i dag støtte frå Utanriksdepartementet eller frå våre samarbeidspartnarar, Norsk Folkehjelp og Redd Barna. Desse er Al Haq, Union of Agricultural Work Committees (UAWC) og Defense for Children International – Palestine (DCI-P).

Etter at avgjerda vart kjend har representantar for norske styresmakter møtt leiarar for dei fleste råka organisasjonane til saman med FN og andre representantar for det internasjonale samfunnet i Ramallah. I Oslo har Utanriksdepartementet diskutert saka med Norsk Folkehjelp og Redd Barna. Vi fryktar at konsekvensane av avgjerda kan bli betydelige. Handlingsrommet for sivilt samfunn og særleg menneskerettsarbeidet i Palestina vil bli enda meir begrensa enn det allereie er. Det blir vanskelegare å få tak i påliteleg informasjon om menneskerettsbrot – og overgrep som blir gjort i Palestina. Sårbare grupper som barn, kvinner og fattige bønder vil bli råka særleg hardt.

Tidlegare gjennomgangar av dei rørte organisasjonane utført av ulike gjevarar har ikkje avdekt nokre indikasjonar på deltaking i terroraktivitet. Det er viktig at anti-terrortiltak er i samsvar med folkeretten, inkludert internasjonal humanitærrett og internasjonale menneskerettar.