Sjukehusutvalet leverer si utgreiing

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Måndag 27. mars tar helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol imot sjukehusutvalet si utgreiing. Utgreiinga har tittelen Fellesskapets sykehus. Styring, finansiering, samhandling og ledelse. Utgreiinga ser på erfaringane med dagens styring og organisering av sjukehusa og helseføretaksmodellen.

Nett-tv Sjukehusutvalet leverer si utgreiing

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

 

Utvalet, som har blitt leia av Jon Magnussen, professor i helseøkonomi ved NTNU, kjem med forslag til endringar i styringa av sjukehusa som kan bidra til meir effektiv bruk av ressursar og spesialisthelsetenester av god kvalitet. Dei har også sett på korleis ein kan sikre meir demokratisk medverknad på styringa av sjukehusa.

Pressa er invitert til å delta på overleveringa av utgreiinga og til å vera til stades på pressekonferansen med helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol og utvalsleiar Jon Magnussen. Det vil bli høve for enkeltintervju.

Tid: Mandag 27. mars kl. 11.30.
Stad: Marmorhallen, Kongens gate 18.

Mediene kan sende påmelding til seniorrådgjevar Iver Kleiven i Helse- og omsorgsdepartementet.

Strøyming:
Arrangementet blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.