Tale til Kirkemøtet 2021

For litt over fire veker sidan fekk eg ein hyggeleg telefon frå Jonas Gahr Støre. Han spurte om eg kunne tenkje meg å være statsråd for barne- og familiefeltet. Eg takka sjølvsagt ja. Så hadde eg høyrt nyss om at det var vurdert å flytte trus- og livssynsfeltet vekk ifrå dette departementet. Eg har tenkt på det etterpå. Eg veit ikkje om det var heilt politisk korrekt. Men i den same telefonsamtalen så sa eg: "Men trus- og livssynsfeltet, det vil eg ha!". Og sånn blei det. Heldigvis.

Sjekkes mot fremføring

Så i dag er eg både glad og spent for å stå her, på mitt første kyrkjemøte.

Glad fordi eg fekk denne utruleg viktige porteføljen, som eg ser veldig fram til å arbeide med.

Spent fordi dette er eit nytt fagfelt for meg, sjølv om eg har vert på Stortinget i 12 år.

Men det er eit veldig viktig politisk fagfelt òg. Eg meiner det er gjennomgripande for heile samfunnet vårt og svært viktig for veldig mange menneske. Eg har ei ærefrykt for det arbeidet som eg skal gjere i lag med dykk. Eg tenkjer at det er mange spennande ting som ligg framføre oss, og at det blir ei bra tid – både dei neste fire åra og på lengre sikt.

(Kyrkje, diakoni og helsesektoren)

Min bakgrunn er helsefagleg. Eg er utdanna lege og har vore 12 år på Stortinget, som eg sa. Og eg har vore i Helsekomiteen i alle dei åra. Eg forstår om nokon tenkjer at det ikkje er den optimale bakgrunnen for ein som skal vere trus- og livssynsminister. Men ser vi historisk på det, har det vore veldig tette band mellom kyrkja og omsorg av sjuke og trengande. Ikkje berre her i Noreg, men nær sagt i alle samfunn.

Eg er ei av dei som trur at vi har mykje å hente på at vi lar desse banda forbli sterke. Så eg engasjerte meg – og var så heldig å få vere med – i det som heiter Kontaktforum for kyrkje og helse for nokre år sidan. Der jobba vi nettopp mykje med samhandlinga mellom helsesektoren og Den norske kyrkja og dei diakonale institusjonane. Og vi forsøkte å leggje til rette for møteplassar der vi kunne drøfte aktuelle etiske, verdimessige og politiske utviklingstrekk.

(Rammevilkåra til kyrkja)

Opp gjennom åra har eg også vore opptatt av å skape gode rammevilkår for ideelle organisasjonar innanfor helse- og omsorgssektoren. Spør ein folk på gata i dag, er kanskje ikkje Den norske kyrkja det første ein tenkjer på i denne samanhengen. Men ein veit jo at Den norske kyrkja er sjølve opphavet til både den offentlege og den ideelle omsorgssektoren som vi har i dag.

I dag ser vi kanskje best denne delen av kyrkja sitt oppdrag gjennom diakonien. Men for meg er dette sosiale oppdraget grunnleggjande i alt kyrkja er og gjer. Det at ein gjer ting for andre utan tanke på eigen vinning. Dette gjer kyrkja både relevant og aktuell – og ikkje minst nødvendig – i dagens samfunn. Det er framleis eit viktig samfunnsoppdrag.

Så til politikken.

Det blei sagt dette med føreseielege rammevilkår. Eg skal prøve å vere ein statsråd som skal tale Den norske kyrkja og dei andre trussamfunna si sak. Eg skal arbeide for at Den norske kyrkja skal ha gode rammevilkår. Regjeringa ønskjer å vidareføre den finansielle ansvarsdelinga som er bestemt mellom staten og kommunane. Og vi ønskjer å føre vidare det lokale ansvaret for kyrkjebygga og gravplassane. Vi trur dette er viktig for å skape dei gode lokalsamfunna. For å skape engasjement der ute for det arbeidet som blir gjort.

Og ikkje minst er det viktig å vareta den særskilte rolla Den norske kyrkja har som ei levande og inkluderande folkekyrkje, med lokalt nærvær, presteteneste og trusopplæring i alle sokn. Ved trussamfunnslova har kyrkja fått større myndigheit til å velje organisering sjølv. Men soknet er og forblir den grunnleggjande eininga i Den norske kyrkja. Og den delen av trussamfunnslova ligg fast. Så skal eg og vi gjere det vi kan for at vi i årlege budsjettprosessar klarar å innfri på dette med rammevilkåra.

(Kjønnsrepresentasjon i administrative organ)

I Hurdalsplattforma har det jo kommen fram at vi ønskjer å sjå nærare på trussamfunnslova når det gjeld dette med kjønnsrepresentasjon i dei administrative organa i trussamfunna. I Den norske kyrkja er kvinnerepresentasjon ikkje lenger ei utfordring. I alle fall ikkje jamt over. Faktisk vil eg sei, at det kvinnene i Den norske kyrkja har gått i bresjen for – og som Den norske kyrkja administrativt etter kvart har omfamna og sjølv målbore – det er det verdt å ta av seg hatten for. Men det vitnar òg om noko viktig: endring i trussamfunna må starte innanfrå. Det må vere frø der som endring kan vekse ut frå. Men. Utan krav frå samfunnet. Utan eit visst ytre press. Forventningar. Ja, eg har ikkje heilt tru på at vi klarer å få til reell likestilling utan at vi stiller meir konkrete krav i lova. Men vi skal finne balansen. Vi skal vege mot religionsfridomen. Og alt dette skal utgreiast rammene rundt. Men alt i alt vil vi sjå på om vi kan få til noko meir enn det som ligg der i trussamfunnslova i dag.

(Viktige saker)

I åra som kjem er det fleire viktige saker på agendaen.

(Ovf og kyrkjebygga)

Ei som i alle fall mange er opptekne av, gjeld delinga av Opplysningsvesenets fond. Her har staten og kyrkja blitt einige om at 145 prestebustader og nær 200 tomteareal som er kyrkje- eller gravplassgrunn, skal overførast til kyrkja. Så står det igjen 18 saker det er ueinigheit om, samt nokre næringseigedommar departementet skal vurdere. Eg vil rette ein stor takk til kyrkja for det arbeidet som er gjort for å få til ein god prosess i denne saka. Eg veit at det til tider har vore krevjande. Men alt i alt vil eg sei at usemje om 18 av i nær 300 prestebustader er eit godt utgangspunkt. Vi arbeider no med desse og eg trur det vil komme ei løysing om ikkje så alt for lenge.

Så har eg sett i pressa at nokre fryktar at kyrkja skal kome i ei "fattigdomsfelle" ved å få så mange eigedommar å vakte. Eg forstår jo bekymringa. Men eg vil vise til at Stortinget har vore heilt tydeleg på – og gjort vedtak om – at kyrkja ikkje skal tape økonomisk på den valde løysinga for delinga.

Så er det kva som skal skje med resten av fondet, på kort sikt og på lengre sikt. Den saka er ikkje landa. Verken stortingsmeldinga om fondet eller lovproposisjonen om ny lov for Opplysningsvesenets fond løyste korleis verdiane staten blir eigar av, skal forvaltast framover. Det er slege fast at staten skal bidra med ein innsats for å setje i stand kulturhistoriske viktige kyrkjer som tilsvarar den verdien staten blir eigar av. Korleis dette skal gjerast er òg noko som vi arbeider vidare med no.

Det vi likevel veit sikkert, er at vi skal få til ei storstilt satsing på kyrkjebygga våre. For mange av dei freda og verneverdige kyrkjene i Noreg er i alt for dårleg stand. Staten skal og må i større grad hjelpe kommunane og private kyrkjeeigarar med kyrkjevedlikehaldet. Delinga av verdiane i fondet gjev oss ein historisk moglegheit.

Så syntest eg det var så bra det som blei tatt fram i talen. Dette om kva kyrkjebygga betyr for folk. Om ungdommane som sit i bilane og grin. Det har mykje med identiteten å gjere. Det er eg heilt einig i. Og berre ei lita historie:

For meg så hadde eg ein veldig identitet på kyrkjebygg opp mot onkel Ola i Sogn. Det var ei lita bygd i Sogn og Fjordane som mor mi kjem ifrå. Onkelen min han var kyrkjetenar, han var klokkar, han var organisist og gravar. Det var berre prest han ikkje var. Han var jo sjølve kyrkja. Eg har tenkt på det. Identitet, det var jo forbokstaven. Eg har tenkt på kor mykje det betydde. Og eg fekk ein herleg innlevelse i kva eit kyrkjebygg er. Eg er veldig glad i kyrkjebygg, ikkje berre kyrkja i Sogn. 

(1000-årsjubileet på Stiklestad – kulturarv)

Men, vidare til Hurdalsplattforma. Der peikar vi på 1000-årsmarkeringa for slaget på Stiklestad og betydninga av at dette blir ei nasjonal markering. Regjeringa ønskjer å løfte fram vår kristne og humanistiske kulturarv, og det finst vel neppe ein betre anledning til å gjere det enn i 2030. Vårt mål er at steinkyrkjene frå mellomalderen skal vere sett i stand til jubileet. Men samtidig ser eg at det òg er andre kyrkjer som har eit presserande vedlikehaldsbehov og der vi kanskje ikkje har råd til å vente. Dette ønsker vi å finne gode løysingar på saman med Riksantikvaren, Den norske kyrkja og dei andre departementa som vi samarbeider med.

I år skal Kyrkjemøte handsame utkast til kyrkjeleg kulturarvstrategi. At kyrkja no tek ei så offensiv rolle som kulturarvforvaltar, trur eg blir viktig for det arbeidet vi skal inn i. For kyrkjebygga våre treng ikkje berre å bli sett i stand. Vi må også klare å formidle historia om desse bygga. Vise fram den verdien dei har for samfunnet vårt. Då treng vi både bevaringsprogram for istandsetting og strategiar for formidling og bruk av bygget. Og ikkje minst: vi treng eit godt samarbeid mellom Den norske kyrkja, antikvariske styresmakter og oss som sit i regjeringsapparatet. Det trur eg det er godt grunnlag for dei neste fire åra.

(Klima og miljø)

Så skal kyrkjemøtet arbeide med klima, miljø og berekraft. Det er spennande. Den menneskeskapte klima- og miljøkrisa er vår tids største utfordring.

"Meir himmel på ei trua jord" vitnar om at Den norske kyrkja er sitt ansvar bevisst. Der er det sett konkrete mål, som å kutte klimautsleppa frå reiseverksemd med 53 % innan 2030. Men det er også lagt opp til å jobbe for endring: kyrkja skal vere ein pådrivar for at vi som samfunn oppfyller forpliktingar i Parisavtalen og i berekraftsmåla. Kyrkja skal stimulere til handlingsalternativ og endringar i forbruksmønster. Og ho skal jobbe for å styrke dialogen mellom trussamfunna på dette området.

Eg meiner det er veldig bra at kyrkja viser ei tydeleg stemme i klimasaka. Eg veit det har vert ein politisk debatt om dette. Eg meiner det er bra at kyrkja er ei tydeleg stemme. I samfunnsdebatten blir det ofte peika på at kyrkja må vere nøytral. Ho representerer alle medlemmer. Då må ho ikkje "velje side" i ei sak.

For meg handlar ikkje dette om å velje side. Det handlar om å medverke til å "drøfte aktuelle etiske, verdimessige og politiske utviklingstrekk", som òg vi sa i Kontaktforumet for kyrkje og helse. Kyrkja er godt skodd til å sjå dei etiske dilemma i saker og tale klokt om vanskelege val. Betre skodd enn dei fleste institusjonar i samfunnet. Slik eg ser det, treng vi kyrkja si stemme i samfunnsdebatten. Både når ho talar om klima og politiske saker på andre samfunnsområde. Eg har ofte etterlyst kyrkja si stemme i ein del debattar.

(Covid-19)

I godt og vel halvanna år har covid-19 pandemien tvunge oss til å endre reisevanar og handlingsmønster. Vi har fått kjenne på korleis det er å ikkje kunne møtast fysisk. Kor krevjande det kan vere. Men vi har også sett ei kyrkje som raskt har klart å snu seg og tilby tenestene sine, viss vi kan sei det sånn, på nye og kreative måtar. Ei kyrkje som har vore ein konstruktiv og god samarbeidspartnar for styresmaktene. Det vil eg takke dykk for. Eg trur kyrkja sitt arbeid i denne tida har hatt stor verdi for mange der ute.

Men eg vil òg legge til: Eg har vore bekymra for at kyrkja ikkje har kunna oppretthalde sitt tilbod under korona-pandemien. Eg trur ikkje vi skal undervurdere kor hardt det har vert for mange. Særleg for eldre. Einsame. Og eg veit frå mi eiga mor: Det å ikkje kunne gå i gravferd til nære venner, venninner, til nær slekt. Det er mykje hardare for folk enn vi trur. Det kjem ikkje fram i rapportar. Så eg håpar at når vi får ei ordentleg evaluering av kva som skjedde, så vil kyrkja sin plass i ei krise òg vere noko vi tenkjer nøye om. Eg meiner det er forskjell på ei kyrkje og eit konserthus.

Men ja. Pandemien. Det er eit kapittel for seg sjølv. Men no ser det i alle fall litt lysare ut, sjølv om det akkurat no i Trondheim har vore ei oppblomstring av smitte. Vi har fått betre vaksinedekning. Og det er i alle fall betre enn det var for eit år sidan. Men pandemien er ikkje over, sjølv om vi ikkje har dei restriksjonane vi hadde tidlegare. Eg håpar vi har blitt litt klokare på dei tiltaka vi set inn.

Så er det ein grunn til å stoppe opp og reflektere litt. For det er jo ein del ting under pandemien som har vore positivt. Familiar har fått betre tid ilag. Ungdommane snakkar meir med sine foreldre. Og det har òg vore nokre positive erfaringar, tenkjer eg, for trus- og livssynssamfunna. For klimaet og det samfunnet vi lev i.

Eg veit at kyrkja er oppteken av dette. Og når de no skal behandle saker om alt frå klima til fjernmøter til overordna strategiar for kyrkja sitt arbeid framover, så vil eg utfordre dykk til å ta den dimensjonen med dykk.

Så skal eg prøve å avslutte.

(Avslutning)

Eg vil ønskje dykk lykke til med Kyrkjemøtet og alle dei viktige sakene som de skal behandle. For det er mange saker på sakslista. Mellom anna skal det behandlast ein langsiktig og tverrfagleg rekrutteringsstrategi for Den norske kyrkja. Eg har lest litt på statistikken, og det trengs verkeleg ein slik strategi. Den kjem til å bli veldig viktig, og eg ønskjer dykk lykke til med den. Sakspapira rår også til at Kyrkjemøtet bør fastsette at val framleis skal finne stad på same stad og til same tid som offentlege val. Det er eg sjølvsagt einig i, men de gjer jo sjølvsagt som de vil. Regjeringa er opptatt av eit velfungerande demokrati i kyrkja. Utan dette er det vanskeleg å oppretthalde folkekyrkja.

Så vil eg til slutt berre ha ein liten appell. Ikkje så lang. Men eg vil berre sei at de må vere stolte over den jobben som Den norske kyrkja gjer og over den rolla kyrkja har i det norske samfunnet. De må ikkje undervurdere den jobben som blir gjort, og de må ikkje undervurdere kor viktig dette er for lokalsamfunn og for menneske over heile Noreg. De må ikkje fokusere på å telle tomme kyrkjebenkar. De må sjå på det ein får gjort og på kor utruleg viktig arbeid det er – òg langt ut over det som skjer innanfor kyrkjeveggane. Det betyr noko for heile samfunnet. Det er ein grunnmur, som det blei sagt her tidlegare. Og det skaper rammer rundt eit liv. Ingenting kan vel vere viktigare.

Eg ser fram til dei neste fire åra og håpar vi får eit godt samarbeid om viktige saker som skal på plass.

Godt kyrkjemøte!