Historisk arkiv

Budsjett 2009:

Ti vekers fedrekvote. Meir til familievernet, einslege, mindreårige asylsøkjarar, ungdomstiltak og auka innsats mot diskriminering

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

Regjeringa vil utvide fedrekvoten frå seks til ti veker for å styrkje omsorgsrolla til far. Budsjettet for einslege, mindreårige asylsøkjarar får også ei auke. I tillegg foreslår regjeringa ti millionar kroner meir til familievernkontora, og innsatsen mot diskriminering og for auka tilgjenge blir styrka.

Regjeringa vil utvide fedrekvoten frå seks til ti veker for å styrkje omsorgsrolla til far. Budsjettet for einslege, mindreårige asylsøkjarar får også ei auke. I tillegg foreslår  regjeringa ti millionar kroner meir til familievernkontora, og innsatsen mot diskriminering og for auka tilgjenge blir styrka.

-Vi aukar fedrekvoten til ti veker, og fedrekvoten er med dette dobla i denne regjeringsperioden. Fedrar ønskjer å tilbringe meir tid saman med barna det første året og ta større omsorgsansvar. Dette legg regjeringa no til rette for, seier statsråd Huitfeldt.

Regjeringa foreslår at  auken i  fedrekvoten med fire veker vil gjelde frå 1. juli 2009. To nye veker vil bli lagt til som ei forlenging av den samla stønadsperioden. To veker blir teke frå stønadsperioden som i dag kan delast fritt mellom foreldra.

-Lengre permisjonsuttak blant fedrar vil medverke til meir likestilte foreldreskap. Mor og fars deling av foreldrepermisjonen legg eit viktig grunnlag for deling av omsorgsoppgåvene også etter at permisjonen er over, seier barne- og likestillingsminister Huitfeldt.

Styrka tilbod til fleire einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år
Regjeringa foreslår  å styrkje budsjettet til Barne- og likestillingsdepartementet med 325,8 millionar kroner fordi talet på einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år aukar. Barnevernet får ansvar for om lag 200 barn under 15 år i 2009. Dette er over seks gonger fleire barn enn då reforma blei vedteken i 2007. Det er i dag to omsorgssentra for einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år og fleire er under planlegging. Tilbodet til aldersgruppa 15-18 år blir også forbetra.

-Regjeringa må prioritere å gjennomføre reforma for einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år i 2009 på ein god måte.  Det er ikkje praktisk mogleg eller fagleg forsvarleg å etablere plassar i barnevernet for dei eldste barna i 2009. Det ville ha kravd at vi etablerer meir enn 20 nye omsorgssentre i tillegg til dei vi skal etablere for einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år, seier barne- og likestillingsminister Anniken Huitfeldt.


Ti millionar kroner til familievernet
Familievernet gjev årleg tilbod til over 30 000 par og familiar. Talet på saker og meklingar aukar kvart år. Hovudtyngda av klientmassen er par som søkjer hjelp i samband med samlivskonfliktar eller kriser. Familievernet utfører også mekling mellom foreldre før  separasjon eller rettssak. Difor gjer regjeringa framlegg om å auke løyvinga med 10 millionar kroner til å opprette nye fagstillingar ved familievernkontor der behovet er størst.

-Eg ønskjer å styrke familievernet for å tryggje barna ved samlivsbrot og redusere konfliktnivået. Familievernet skal utviklast for å gje treffsikre tilbod til minoritetsetniske familiar, til homofile og lesbiske familiar og til familiar med voldsproblematikk, seier barne- og likestillingsminister Anniken Huitfeldt.

Ytterlegare 2 millionar kroner vert foreslått øyremerkt  for å auke behandlingskapasiteten i familievernet for valdelege menn.  I tillegg er det sett av  1 million kroner for å fremje kompetanse til meklarane om at både mor og far er likestilte foreldre.

Meir til ungdom: 15 millionar kroner til barn og ungdom i Groruddalen
Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn blir foreslått  auka med 15 millionar kroner. Pengane skal mellom anna brukast til å etablere Grorud fleirbrukshall, ein idretts-, aktivitets- og kulturpark. Han er eit ledd  i arbeidet med å fremje integrering og sikre gode oppvekstvilkår for bydelens og byens barn og unge.
 
-Eg er oppteken av å sikre opne og inkluderande møteplassar for barn og unge i
nærmiljøet. Planane for Grorud fleirbrukshall er spanande. Her blir det både idrett og kulturaktivitetar kor barn og unge får høve til å prøve ut nye ting, til læring og til å møte venner,
seier statsråd Anniken Huitfeldt.

Regjeringa gjer framlegg om at løyvinga til Barne- og ungdomsorganisasjonar blir auka med 2 millionar kroner.

Styrka innsats mot diskriminering
Regjeringa foreslår å styrkje Likestillings- og diskrimineringsombodet med 9 millionar kroner for å kjempe mot diskriminering av personar med nedsett funksjonsevne og styrkje eksisterande diskrimineringsvern. Ytterlegare 4 millionar vert foreslått sett av  til ny handlingsplan mot etnisk diskriminering.

- Likestillings- og diskrimineringsombodet gjer ein viktig innsats for å fremme kvinners likestilling. Ombodets arbeid inkluderer òg etniske minoritetar og no personar med nedsett funksjonsevne. Deltaking og likestilling er viktig på alle samfunnsområde, men særleg innafor arbeidslivet. Å ha høve til lønna arbeid har mykje å seie for den einskilde sin livssituasjon. I tillegg er det ein strategi som lønnar seg samfunnsøkonomisk, seier statsråd Huitfeldt.

Regjeringa legg fram ny handlingsplan mot etnisk diskriminering våren 2009. Handlingsplanen skal førebyggje og kjempe mot både direkte og indirekte diskriminering. Arbeidsliv og offentlig tenesteyting skal vere sentrale innsatsområde i planen.

-Det er viktig at det blir arbeidd målretta for å oppnå likestilling og hindre diskriminering av menneske med nedsett funksjonsevne. Vi skal samordne arbeidet med fleire av diskrimineringsgrunnlaga og det skal bli eit leiaransvar å følgje dette opp, seier barne- og likestillingsminister Anniken Huitfeldt.

Meir pengar til miljømerking
For å styrkje arbeidet med miljømerking av forbruksprodukt, gjer regjeringa framlegg om å løyve 1,5 millionar kroner ekstra til dette arbeidet. Mange norske forbruksprodukt er allereie miljømerka, men ikkje alle merka er like godt kjende. Pengane skal styrkje innsatsen for å gjere miljømerka produkt meir tilgjengelege for norske forbrukarar.

- Bærekraftig utvikling er eit overordna mål for regjeringa. Miljø- og klimabelastninga frå forbruket i Noreg aukar, og vi må gjere det enklare for forbrukarane å ta miljøvennlege val i kvardagen, seier barne- og likestillingsminister Anniken Huitfeldt

Undersøkingar gjort for Miljøverndepartementet syner at 82 prosent av dei spurde ønskjer å bidra til eit meir bærekraftig forbruk ved å kjøpe klimamerka produkt. For å styrkje arbeidet med miljømerking av forbruksprodukt, føreslår regjeringa å løyve 1,5 millionar kroner ekstra til dette arbeidet.

Delpressemeldinger fra Barne- og likestillingsdepartementet: