Historisk arkiv

TØI rapport om forventa utvikling i nullutsleppskøyretøy

Kraftige verkemiddel må til for å nå personbilmålet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Norske bilistar har særs ulike ønske og behov. Difor må det brukast kraftige verkemiddel for å nå målet om at alle nye personbilar som seljast i 2025, skal vere nullutsleppskøyretøy. Det syner ein analyse Transportøkonomisk institutt har gjort på bestilling frå Klima- og miljødepartementet om forventa utvikling i nullutsleppskøyretøy fram mot 2030.Skal målet nås full ut må det til kraftige virkemiddel, syner rapporten frå TØI.

–Fleire av måla regjeringa har sett seg ser i dag krevjande, men oppnåelege ut. Vi har ei rad verkemiddel for å fremje nullutsleppsteknologi som har fungert svært effektivt. Dette er noko vi framleis skal satse på, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

 

Biler
Foto: Snorre Tønset/KLD

Transportsektoren er den største kjelda til klimagassutslepp i Noreg. Regjeringa har ein ambisjon om å halvere utsleppa frå transporten innan 2030, samanlikna med 2005. Ambisjonen føreset betra teknologi i ulike delar av transportsektoren. Det er derfor viktig med god kunnskap om teknologiutviklinga.

Brei analyse

TØI-rapporten gir ein brei analyse av status og forventa utvikling for nullutsleppskøyretøy. I rapporten går TØI gjennom ei rekke tema, som teknologiutvikling, tilbodet av køyretøy og infrastrukturen for elbilar og andre utsleppsfrie køyretøy. Rapporten tek òg føre seg internasjonale samanlikningar og gjennomgang av brukarerfaringar og behov. TØI analyserer drivkrefter, kostnadsutvikling, verkemiddeldosering og utsiktene for internasjonale marknader.

TØI diskuterer òg målet til regjeringa for å fase inn nullutsleppskøyretøy i 2025 og 2030. TØI framhevar at den globale teknologiutviklinga, initiativa i andre land for å fase inn nullutsleppskøyretøy og EU sine krav og standardar for utslepp vil ha mykje å seie for moglegheitene til å nå måla.   Kva verkemiddel  Noreg nyttar for å fremme overgang til elektriske køyretøy har òg mykje å seie. 

Rask utvikling

TØI si  vurdering er at utviklinga innan køyretøyteknologi går raskt og at batterielektriske personbilar, varebilar og bybussar vil vere i masseproduksjon i 2025. TØI finn at EU sine  utsleppskrav til køyretøyprodusentane er ein viktig faktor for utviklinga. EU-krava  vil presse bilprodusentane til å utvikle og selje lette og tunge nullutsleppskøyretøy utover 2020-talet for å unngå å betale store bøter til EU. Noreg støttar EU sitt arbeid med standardar for CO2-utslepp for køyretøy.

Noreg i særklasse

Norske personbilar og lette varebilar er del av rapporteringa til EU gjennom EØS-avtalen.  Regelverket kan dermed legge til rette for at bilprodusentane ønsker  å selje fleire nullutsleppskøyretøy òg i Noreg.

–Noreg er i ein internasjonal særklasse når det gjeld å fase inn elbilar. No er det gledeleg å sjå at mange land følgjer etter. Eg møter mange utanlandske politikarar som har funne inspirasjon i det Noreg gjer. Sjølv om vi har kome langt står det likevel att mykje arbeid. Funna i TØI-rapporten vil gi viktige innspel til det vidare klimaarbeidet til regjeringa, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Regjeringa vil i løpet av året legge fram ein plan for Stortinget for å oppfylle det Noreg er forplikta til mot EU og målet til regjeringa frå Granavolden-plattforma om å redusere dei ikkje-kvotepliktige utsleppa med 45 prosent innan 2030.

 

Les hele rapporten her.