Vis heile kalenderen

21.03.2017

  • Toppmøte om hjernesjukdomar

    Erna Solberg| Statsministerens kontor

    Sted: Parkveien 45 i Oslo

    Statsminister Erna Solberg og helse- og omsorgsminister Bent Høie inviterer til toppmøte om korleis Noreg kan auka kunnskapen om hjernesjukdomane ALS, MS og demens.

    Nobelprisvinnar Edvard Moser innleier. Solberg og Høie utfordrar forskarar, klinikarar og representantar for pasientane om behovet for forsking på sjukdommar som gir tap av celler i sentralnervesystemet.   

    Møtet går føre seg i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45 i Oslo, og vert overført på regjeringa.no.

    Statsministeren, helse- og omsorgsministeren og andre møtedeltakarar vil vere tilgjengelege for presse etter møtet. Oppmøte for pressefolk i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 13.30. Ta med pressekort og gyldig ID.

    Pressekontaktar for statsministeren er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181 og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948. Pressekontakt for helse- og omsorgsministeren er kommunikasjonsrådgivar Reidar Evensen, telefon 991 62 659.